tredje desember: ditt eller datt

Torsdag forrige veke hadde mange bokbloggarar eit såkalla «meme» på bloggane sine, og eg ville henge meg på, men tenkte at det kunne vere gøy i adventskalendaren min. Derfor legg eg det heller ut i dag.

Bok på øyret eller i handa
Alt etter som. Eg må bare seie at eg har lytta på lydbøker, og eg liker det. Dessverre har det blitt mange av dei same som me har høyrt på i bilen under lengre bilturar, som svein og rotta og det store gavekaoset som kan anbefalast. Likevel, sjjølv om eg liker lydbøker veldig godt, blir det nesten bare bøker i handa. Eg har høyrt ei lydbok 2012, det du ikke ser av Katherine Webb, men eg trur kanskje at eg liker best bøker i handa som eg kan bla i, og så kan eg bestemme lesefarten sjølve.

Myke eller harde permer
Eg synes eigentleg det er nesten det same. Sjølvsagt er det godt med harde permar, fordi det er betre kvalitet på dei, men eg har ingen problem med pocketbøker som det er betre å halde i og som ikkje er like tunge. Og så slepp du den der ekstra «permen» som skal ligge rundt og heile tida skli ned eller opp.

fiksjon eller fakta?
Fiksjon. Eg elsker oppdikta forteljingar. Den trettende fortellingen (Diane Setterfield), Botticellis hemmelighet (Marina Fiorato), extremely loud and incredibly clear (Jonathan Safran Foer), kaptein Corellis mandolin (Luis de Berniéres)… Og kva hadde skjedd med bøkene til Astrid Lindgren hadde folk likt best fakta.

Fantastisk eller realistisk?
Realistisk er kanskje det som eg liker best. Fantasy er litt for fantastisk (utanom visse bøker og bokseriar som eg liker veldig godt). Likevel er kanskje blandinga det beste, for litteratur kan nesten ikkje vere heitl realistisk. Likevel liker eg det realistiske i den grad at personar ikkje skal vere stereotypiar og at det ikkje skal vere klisjear og bare fryd og gammen. Lette løysningar, som om forfattaren ikkje kom på noko anna og måtte dikte opp ein urealistisk løysning, er eg heller ikkje komfortabel med. Likevel, eg må kunne bli fenga og det må vere noko som er litt fantastisk i kvar bok.

Harry Potter eller twilight?
Eg har lese alle bøkene og sett alle filmane utanom breaking dawn part two. Harry Potter er heilt klart min favoritt. Harry Potter er veldig menneskelig, og samstundes som det er mykje magi og trolldom, kan ein kjenne seg igjen i karakterane i denne serien. Ingen av dei er perfekte eller sett på spissen på nokon måte. Til og med Voldemort kan ein synes synd på i forhold til oppveksten og det at han må ha vore einsam. Likevel, Severus Slur er min favorittkarakter, utanom Lulla og Hermine. Det eg ikkje liker med Twilight er at Bella vel den minst menneskelege, minst realistiske karakteren som finst. Edward-typar finst ikkje. Ingen er så edel at dei seier: Vel kven du vil gifte deg med. Jakob er den som kjempar og den som Bella burde valt!

Kindle, iPad eller annan e-lesar?
Papirbøker!

Kjøpe eller låne?
Ja takk, begge deler! Lånte meir på biblioteket før, og så har eg vunne og fått mange bøker. Å kjøpe er alltid gildt, for å kunne ha det til odel og eie.

Bokbutikk eller internett?
Bokhandel. Eg har bestilt ein gong på nettet. Elles elsker den koselege stemning i ein bokhandel, særleg ved jul I og med at eg jobbar på Ark er eg kanskje innhabil, men likevel, bokhandlar er så absolutt å føretrekkje.

Enkeltståande eller serie?
Enkeltståande kanskje? Eg blir så lei når eg les mange bøker i same serie. Ikkje av Harry Potter-bøkene, men Läckberg var eg mektig lei av etter ei stund. Likevel er seriar fint viss det ikkje er dei same hovudpersonane heile tida. I Theorin sine bøker går Gerlof igjen og alt føregår på Öland, men likevel er det nye personar kvar gong som er hovudpersonane.

Monstarbok eller liten og søt?
Alt etter. Liker ikkje monstarbøker kor forfattaren har dratt ut handlinga så langt at du sit og lurer på om det var eit mål å skrive 2323 sider og derfor ikkje hadde noko handling. Lita og søt bok er heller ikkje bra viss du føler at forfattaren har laga for lite ut av ideen sin i ei lita og søt bok.

Romantikk eller action?
Action, viss forfattaren har fått det til. Liker Gillian Flynn sine bøker, som har mykje action, psykisk spenning osv. Synes at nokre romantiske bøker kan bli litt kleine av og til.

Under eit teppe foran peisen eller liggande i sola?
Alt etter kva årstid det er. Vil ikkje vere inne med eit teppe over meg framfor peisen viss det er juli og 20 grader utanfor. Men eg ville heller ikkje vore ute i sola i januar og lese.

kakao eller latte?
Kakao. Eigentleg liker eg veldig godt kaffi, men ikkje latte. Latte er for lite kaffi og for mykje mjølk. Hadde eg fått tilbod om iskaffi med sjokolade eller kaffi mokka eller cappuchino hadde eg kanskje valt det, sjølv om kakao med masse krem i er  veldig godt.

Songen i dag er denne

Ha ein fin tredje desember!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s