bok: stryk meg over håret av Agnes L. Matre

«Kor går dette hen?» sat eg og lurte på etter dei første femti sidene. Det gjekk mot ei fin leseoppleving som vekka mange tankar i meg. Guro lir av bulimi, og korleis flyktar ein frå bulimi? Guros lege vil behandle henne for bulimien, men Guro trur ikkje på «ideane» til legen og bestemmer seg for å motsetje seg dette – ved å flykte. Ho reiser til Provence for å vere «selskapsdame» og hjelpe ei gammal dame som heiter Marie, og for å flykte vekk frå livet, eller den nært foreståande døden viss ho skal høyre på legen.

I innleiinga sat eg eigentlig ikkje med så mange tankar då eg las det, men etterpå tenker eg litt på denne legen, for i følgje boka skulle han ha sagt at Guro måtte ta grep om livet sitt. Riste litt i seg sjølve rett og slett, men det er vel noko av det vanskeligaste ein person med bulimi gjer. Eg tenker at doktorar er personar som er skarpe og kan ein god del av det som blir kalla vitenskap, men ikkje alle er vel like gode psykologar. Det er vel knapt nokon som kan hjelpe og forstå ein person med bulimi utan å ha opplevd det sjølve eller vite kva som ligg bak, for under dei fleste forhold ligg det vel noko bak sjukdommen og det ubehaget desse personane har i forhold til seg sjølve og mat.

Her viser det seg at det er ikkje nokon som har hatt bulimi som hjelper Guro, men derimot Marie og Dominic, ein som hjelper til på vingarden der Marie bur. Provence høyrest ut som ein sjeldan fin stad, det må eg seie, og at det kan vere freistande å reise til Frankrike for å «få bukt med problema» er fullt forståelig. Likevel, ikkje alt ordnar seg borte, og ofte kan svara vere nærare, uansett kor flotte menneske du har rundt deg.

Guro er ein svært interessant person å «bli kjent» med, og eg kjenner at eg er «fascinert» av sjukdomen og forrakten ho har for seg sjølve i tillegg til fortida hennar. Ikkje forstå det slik at eg skulle ønske eg hadde hatt anorexi eller bulimi, for det er bare fryktelig med slikt, men eg er fascinert fordi eg synes psykiske sjukdomar er fascinerande generelt. Eg synes at det er viktig at det ikkje er tabu og at samfunnet kan prøve å forstå og ta litt grep og at menneskesynet endrar seg frå slik det er i dag.

Eg synes boka er veldig aktuell, og spesielt sidan ho er for vaksne. Bøker om bulimi og anorexi er  det mange av, men flest fagbøker og ungdomsbøker. Eg trur vaksne kan bli obs på, ved å lese denne boka, at slankepresset som er i dag er stort, og til og med deira næraste venner kan vere ramma utan at dei veit det. Det er trist, men slik er det.

I innleiinga lurte eg verkeleg på kor dette gjekk hen, og svaret fekk eg. Det gjekk mot ei god bok med eit fint bodskap. Språket var bra og det var fine metaforar. Det var visse ting som skurra litt, som dei litt for stereotype personane. Særleg ei dame som heiter Wenche tenker eg var litt for overdriven i den eine retning, utan at eg vil seie noko meir. Det var òg noko som gjorde at boka ikkje kom inn på topp ti lista, men å setje fingaren på kva det var er vanskelig, og eg greier det ikkje heilt. Likevel, fascinerande og god bok.

Det var mange fine refleksjonar og samtalar rundt psykisk helse, bulimi og kristendommen som eg syntes gav noko ekstra til boka. Eg veit ikkje om denne appelerer til alle type lesarar, og kvinner er kanskje hovudgruppa av lesarar, noko som òg er naturlig i og med at bulimi og anorexi er meir utbreidt blant kvinner enn blant menn.

Boka er eit leseeksemplar frå Commentum forlag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s