bok: mørke rom av Gillian Flynn

Alle menneske er forskjellige, og alle har noko unikt med seg i «bagasjen» i livet. I den litterære verda, er Libby Day ein av desse. Libby er kanskje den mest mutte, negative sjalu dama i Kansas City. Ein skal vere forsiktig med kva ein seier til Libby Day. Kritikk, ros, formaningar, same kva. Ho er noko for seg sjølve, og det mest fascinerande er at ein greier ikkje å vere på eit anna lag enn hennar.

Tjuefem år før Libby Day er der ho er når boka byrjar, blir familien hennar mydra. Både mora og dei eldre søstrene, Michelle og Debbie, blir brutalt drepne. Libbys storebror Ben blir peika ut som drapsmann, og Libby er med og reiser tiltale mot han. Dømt til fengsel som femtenåring blir storebroen sin skjebne.

Tilbake i nåtida til den trettieinårige kvinna på ein meter og femti centimeter, held plottet fram. Libby blir kontakta av ein klubb med eit så «passande» namn som the kill club. Trur i alle fall den heiter det, tilgi meg om namnet vart feil. Klubben består av personar som er besett av eldre drapssakar, og fleire av dei er påtrengande og direkte. Libby merkar at sjalusien aukar når ho ser at folk er interesserte i andre drapssakar enn bare hennar, sjølv om klubben har eigne folk som jobbar med drapssaka frå 1985.

Det er ei stor samling av menn og nokre kvinner som jobbar for å få Ben fri, i alle fall mange av dei gjer det, og for å oppklare saka ein gong for alle. Libby, som er i ein trang økonomisk situasjon, let seg ikkje overtale til å jobbe med saka før ho er sikker på at ho får nok pengar for det. Sjølve er ho sikker på at det var Ben, og det oppstår eit anspent forhold mellom Libby og dei fleste i klubben som jobbar med hennar sak.

Å gi seg i kast med noko så stort som ei drapssak er verkeleg vågalt. Mange amatører og eit offer som har stått midt i det til å oppklare noko er kanskje ikkje det mest smarte trekket menneska har gjort. I nåtida følgjer ein med på kva Libby tar seg til å for «oppklare» saka og sjå om Ben er uskyldig. Ho tar oppgjer med frykt og sinne, men er likevel ein veldig spesiell og kravstor person. Ho ber boka med seg, og ein forfattar som får lesarane til å føle sympati for ein slik person, skriv verkeleg godt.

Boka vekslar mellom Libby Days synsvinkel i første person frå nåtida og Patty Day, Libbys mor, og Ben Day, Libbys bror i fortida. Annankvart kapittel i frå nåtida og annankvart i frå fortida. I tillegg er annankvart kappitel i fortida med Ben, og annankvart med Patty, noko som gjer at boka har ein lett struktur å forholde seg til.

Skal eg seie noko negativt om kapitla i frå fortida, er det at kapitla om Ben kanskje er litt overdrivne eller kleine. Han er ein gut på femten med ein stor dose vilje til å gjere opprør mot familien. Mange drastiske val blir tatt, og han distanserar seg meir og meir frå familien og stiftar nye bekjentskap med dop, røyk, alkohol og «feil» vener. Litt romantikk er det òg i boka, i den grad du vil kalle ein sta og sjefete kjærast for ein romanisk person. Mange i det verkelege livet seier kanskje at jenta er guten i forholdet og omvendt. Dette kan ein få eit klart bilete av i boka. Diondras sterke vilje og måten ho styrer Ben på er kanskje ikkje veldig romantisk, samstundes som det er eit sterkt verkemiddel for å få lesarane nysgjerrige. Kva skjer med Ben? Korleis går det med han og Diondra? Kvifor let han Diondra kontrollere seg på den måten?

Det er mange tilbakeblikk på intime scenar i desse kapitla med Ben, og det er òg mange intime scenar i det som skjer «nå» i 1985. Eg tenker at nokre av dei kanskje er litt overdrivne eller unødvendige, men det er ikkje sikkert at alle andre synes det. Ein kan òg seie at Ben er ein forholdsvis svak karakter i forhold til litlesøstera si. Han har ein sterk vilje til å distansere seg frå familien, men tilknyttinga til Diondra gjer at han ikkje greier å halde på den sterke viljen ovanfor henne.

Patty er ei stressa firebarnsmor. Kapitla kan verke stressande av og til, og somme gonger drøyer dei kanskje litt vel lenge utan at det er så mykje som skjer. Derfor har nok kapitla om Ben ei sterka forteljingsevne enn kapitla om Patty. Me blir meir nysgjerrige på kapitla om Ben enn dei om Patty, sjølv om kapitla om Patty tar seg opp i løpet av boka.

Språket er det ikkje noko å seie på, og måten å fortelje på er fengande og gir ein lyst til å lese vidare. Noko eg likevel vil peike litt på er at drapsmetodane er litt overdrivne, og om noko slikt hadde skjedd i det verkelege livet er kanskje tvilsamt. Nå veit ein aldri, men for meg verka både drapsvåpen og drapsmetodar i boka veldig oppdikta og uverkelege. Likevel er det ikkje noko som gjer at leseopplevinga blir mindre. Dette er bare ein lite detalj ut frå det store bilete med konfliktar, drap, oppklaringar og andre saker som skjer i boka.

På ei viss tid kan ein føle at det skjer for mykje, men rett før det er i ferd med å bikke over grensa «for mykje» tar det seg inn igjen og lesaren vil puste letta ut over at det ikkje blir endå meir å forholde seg til. Boka er psykologisk veldig intensens for somme, og den kan vere både grotesk og fæl i visse delar. Viss du er litt var blod og drap og groteske handlingar, er ikkje dette boka eg først og fremst ville anbefale. Likevel, for dei som tåler slike ting, er dette er bok som bør lesast. Den tar deg med inn i ei forteljing som har fleire faktorar og ein løysning på ei sak du ikkje kunne funne ut utan å lese boka frå perm til perm.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s