eg skal lese lobotomisten!

For bare nokre veker sidan var eg heilt klar på i eit innlegg at lobotomisten av Eririk Huseby Sæther var den siste boka i denne verda eg skulle lese. Eg var heilt sikker på at eg aldri kom til å lese boka, sjølv om eg la til eit lite (eg trur) før aldri. For å seie det sånn, eg var sikker på at eg ikkje hadde mage til det, og det veit eg framleis ikkje om eg har, men det finn me ut.

Nokre dagar etter dette innlegget fekk eg ein koselig epost, og av alle personar det kunne vere frå, så var det frå ERIK HUSEBY SÆTHER. Det var ei litta stund eg bare sat heilt himmelfallen og såg med store auge på den. Og det er på grunn av den eposten at lobotomisten  akkurat NÅ ligg (signert!) oppe på nattbordet mitt, klar til å bli lese. Utfodringa eg har fått er at eg skal lese minst 150 sider i boka. Ikkje så vanskelig, men nok til å sjå korleis boka er.

Etter kvart som eg har vendt meg til tanken, så har eg funne ut at det høyres jo interessant ut. Eg tenke først at det verste som kunne skje var at eg måtte ete i meg ord for ord av det eg har skrive før, at eg la ut ein omtale med masse ros og skryt av boka, men det er kanskje ikkje det, for det er jo nå at eg et i meg alle orda eg har skrive. Bare sånn på førehand så ingen skal sitje å tenke: «Var det ikkje ho som…» osv. Det verste som kan skje er eignelig at boka er skikkelig DÅRLIG og at eg slit meg gjennom 150 sider, men nå trur eg heller ikkje at ho er dårlig. Eg skal starte på sida med opent hjarte og opent sinn, så får me sjå om det blir meir opent eller om døra stenger seg heilt for all framtid.

Eg håpar eg varmar opp litt med den boka eg les nå, som er forholdsvis grotesk. Grotesk er bra, bare det ikkje blir overdrive eller for detaljert. Grotesk er bra i riktige vendingar og med eit riktig språk. Då kan det lage spenning.
Eg må lese ferdig boka eg les nå først, og så ligg lobotomisten der og nærast skrik om å bli opna. Og det skal ho, og nå har eg utfordra meg sjølv endå meir: 200 sider før du seier eit einaste stygt ord om boka! Å halde munn er så vanskelig av og til, plutselig glipp det litt ut, men nå skal de ikkje få høyre ei einaste meining før etter 200 sider! Så har eg kome langt uti før eg byrjer med positive tirradar eller negative ord. Då kan eg verken dømme eller rose boka opp i skyene, før eg er heilt sikker.

Eg har òg fått ein annan gledelig epost i frå Commentum Forlag om at eg kjem til å få eit leseeksemplar av stryk meg over håret  av Agnes Lovise Matre. Eg gler meg så til å lese den boka. Ho verkar så interessant.

Guro er en vellykket karrierekvinne fra Bergen. På utsiden er alt tilsynelatende bra, men Guro lever i sitt eget personlige helvete. Hun lider av bulimi, og legen ber henne om å ta tak i sykdommen sin, om ikke så vil hun dø. Hun bestemmer seg for å trosse legens råd, og heller reise bort i håp om at tingene vil ordne seg av seg selv.Hos Marie, en eldre kvinne, i den lille fjellandsbyen Callian i Provence, møter hun for første gang noen som ser henne og lytter til hennes historie. Midt i lavendelduft, god mat og vidunderlige viner, lengter Guro etter å få ta del i livet fullt og helt. Kroppen og tankene hennes sloss om å ville nyte dette vakre, samtidig som hun straffer seg selv for at hun nyter det. Fortvilet merker hun at fortrengte minner fra fortiden dukker opp igjen. Guro kjemper en indre kamp om å våge å slippe noen andre inn, løsrive seg fra fortiden og søke trøst der hvor hun aller minst venter å finne den.

Det var då mi lille oppdatering i dag. Lobotomisten etter mørke rom.

Åja, det stemmer, det blir bokbloggartreff i helga på meg òg…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s