oppsummering lesemånaden i august

Kva skjer? Mai Lene er ti! dagar forsein med oppsummeringa si, for første gong sidan 2012 byrja. Det er faktisk sein. Har ikkje vore meir enn to eller tre dager forsein, om eg har for sein i det heile tatt. Uansett, august var ingen bra lesemånad. Den var heilt okay. Fire bøker er heile okay, men langt i frå så bra som tidligare, men det var ein veldig fin månad sånn elles med starten på vidaregåande og fødselsdagen min.

I august las eg, som sagt fire bøker.(høyrte ei, las tre)

det du ikke ser av Katherine Webb
et sommereventyr av Elin Hilderbrand
arven av Katherine Webb
barnepiken av Katherine Stockett
Bøkene av Katherine Webb, arven og det du ikke ser var forholdsvis gode, men ikkje i nærleiken av dei beste historiske romanane eg har lese. Dei var god underhaldning og interessante, men eg har lese langt betre. Som til dømes barnepiken som var ei heilt fantastisk bok. Fengande, god, sterk, lærerik, humoristisk og alle andre spennande ting som høyrer til kategorien alle gode ingredienser i ei bok. Dei som ikkje har lese denne boka endå bør gjere det. Et sommereventyr var den verste boka denne månaden, og var langt i frå god eller interessant. Merkelig nok var den fengande, og eg ville avslutte henne, men eg likte henne ikkje.
7 jenter, 0 gutar. Dårlig vane er vond å vende.
Land etter forfattar
USA: barnepiken, et sommereventyr
Storbritania: det du ikke ser, arven

Landa forfattarane tok meg med til:
USA, Storbritania.
(Mangfaldig… hehe)
Bøker eg ikkje fekk lese
Å orkar ikkje å nemne alle…
Mål vidare:
Lese når eg får tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s