oppsummering lesemånaden juli

Tida fyk forbi, og av til sit du bare og tenker wow, går verkeleg tida fortare nå enn før, eller verker månadar, veker og dagar kortare til eldre du blir? Sju månadar uti juli, eg har fått jobb på Ark kvadrat (ikkje fast, men tilkalling), og eg har lese meir enn det eg har gjort tidligare somrar. Eg ligg nå oppi 17 bøker frå 1. juni til 31. juli, og eg er storfornøgd. Litt færre enn i fjor, for i fjor las/høyrte eg atten bøker bare i juni, men eg føler at eg har fått mykje betre utteljing dette året av den grunn at bøkene har vore betre og lengre.

Dette er bøkene eg las nå i juli:

Det blei gjort ein feil då eg trykka «lag kollasj» på Picasa, så to av omslaga blei litt rare. Og det blei litt lita skrift…

Det var fire av desse som var solskinsmål, noko som resulterer at eg bare har to igjen. Eg fekk nettopp den eine boka igjen på lista, og var forholdsvis glad, då eg såg på storleiken, kor langt eg hadde kome gjennom måla mine. 
Skyggelandet var som fantasybøker flest: fantasy! Åpne sår derimot, som det bare kom omtale av på what a feeling, ein psykologsik thriller, der ikkje bare handlinga, men HOVUDPERSONEN var spennande. At den forfattaren kunne få til ei så god bok. Fytti katta. Eg var sikker på at eg visste kven som stod bak ugjerninga, men SURPRISE. 
Botticellis hemmelighet fekk ein av tidenes lengste omtalar på denne bloggen, og med god grunn. Elska boka, og nå lurer eg på om det er den trettende fortellingen eller Bottticellis hemmelighet som ligg øverst på lista. Karitas kan eg seie med ein gong var ei bok eg ikkje likte særleg, men etter ein nedtur er det gildt med fleire oppturar. Jane Austens berømte verk om Bennetsøstrene og mr Darcy var ein god klassikar eg ikkje kan forstå eg ikkje har lese før. Tilbake til Tall Oaks var ekstremt interessant, og haldt lenge på spenninga. Fruen av Saronno var mest romantikk, og lite av det eg gleda meg til. Altså både òg i denne månaden. 
Kjønn
Ni jenter, utan nokre gutar til selskap. Å nei, likestilling, kor blei du av?
Land etter forfattar
USA: Kathleen Grissom, Alyson Noël, Gillian Flynn
Storbritania: Jane Austen, Janet Tanner, Marina Fiorato
Island: Kristin Marja Baldursdóttir
Irland: Lucinda Riley
Land forfattarane tok meg med til
Noko av det beste ved å lese er sjølvsagt å kunne bli tatt med andre stader enn der du eigentlig her, og denne månaden har det blitt litt farting i fantasiverda…
Storbritania, Irland, Island, Australia, USA og Italia. 
Favorittperson
Eg kan herved røpe at favorittpersonen min denne månaden er ei jente. Og denne jenta er i frå eit av landa ovanfor her. Faktisk er det fleire jenter. Elisabeth Bennet, Luciana (frå Botticellis hemmelighet) og Camille. (frå åpne sår). Og kanskje òg Grania i jenta på klippen og Jane Bennet og Aurora frå jenta på klippen. Det går ikkje an å bestemme seg. 
Bøker eg ikkje fekk lese
Ingen, takk & pris. 
Mål vidare
Dette er mine mål vidare. Bare tre bøker? Ja, det er august, min fødselsdagsmånadad, og ein månad for skulestart og TMF. Me får sjå. 
Ja, dette er mine lesemål for netse månad. Og nå skal eg ete middag som litlesøster har laga. O, lykke!
Advertisements

One thought on “oppsummering lesemånaden juli

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s