bok: Karitas av Kristín Marja Baldursdóttir

Dette var første gongen eg las ei bok med handling i frå Island. På sett og vis var ikkje boka skuffande i måten ho var skriven på, og ho var mange gonger svært fengande. Men ho var  ikkje det ho gav seg ut for å vere, og for at de skal få mitt intrykk av handlinga og kva den handla om, tenkte eg at for å sjå baksideteksten, må de trykke «lese meir?», for eg blei i alle fall skuffa over innhaldet i forhold til den, derfor skal det fåvere valfritt. 
Karitas er ei islandsk jente, som elsker å male og teikne. Boka byrjar med at ho, dei fem søskna hennar og mora flyttar til Aukereyry (trur eg det heiter), for at ho og dei andre barna skal få seg ei utdanning. Men førebels er det bare brørne som får gå på skule. Ho og søskna må jobbe med sild eller vere heime og passe på. 
Likevel opnar det seg snart moglegheiter, og fleire av søskna får reise vekk på skule eller ta høgare utdanning. Men ikkje Karitas. Ikkje før ei fornem dame i Aukereyri gir henne tilbod om å betale for at ho skal få gå på kunstskule i København. Og med desse lovnadane reiser ho, og etter nokre år kjem ho tilbake som fult utdanna kunstnar. Karitas er viss på at som kunstnar kan ho ikkje få seg familie, men det er likevle det som skjer, for når ho kjem tilbake forelskar ho seg i fiskaren Sigmar og blir gravid. Må ho velje mellom familien og kunsten?
Det eg ikkje likte, var at i motsetning til andre bøker fortalte baksideteksten siste halvdelen av boka, i staden for første, så det var første halvdelen som var overraskande. Dette resulterte òg i at eg syntes boka kom svært seint i gang. 
Det eg var mest skuffa over, var mangelen på noko om då ho var og studerte i København. Boka hoppa rett over alle dei åra, som omfatta ganske mange i hennar liv. 
Ho var langt i frå å vere den beste boka eg las dette året, og eg trur ikkje at det var boka for meg. Det var som ein litt for lang serieroman. 
Omslaget var uansett fint og fekk meg til å ville lese boka. Men eg trur ikkje eg kjem til å lese dei neste bøkene i serien, trass i fine omslag. 
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s