avslutningsfest (innlegg med bilete =D)

Å skitt så spent eg er nå. Om ca. ein time byrjer avslutningsfesten og nok eit kapittel er avslutta etter i kveld. Siste året på ungdomsskulen har vore fantastisk. Femti fantastiske ungdommar som eg har gått med i tre år skal eg seie ha det til i dag. Grugleder meg, for eg er veldig spent på parodiane i underhaldninga. I alle fall lærarane sine parodiar.

Dei siste dagane på skulen har gått til å lage bordkort, og etter mi meining har eg og veninnene mine laga nokre nydelig bordkort.

Dette er fargen me skreiv namn på, eller det liknar litt den fargen. Denne er kanskje ikkje fullt så fin.

Me limte ein liten namnelapp i ca. denne fargen på svart papir (fekk spørsmål om det skulle vere halloweenparty av nokre få) og så festa me ein kvit blom i det øverste høgre hjørnet. Eg og ei veninna sat i dag og skreiv på alle namna på dei rundt 150 personane som kjem.

Nå sit eg klar i bunaden, som er kleskode for kvelden.

Sånn ser eg altså ut i kveld. P-L-U-T-S-E-L-I-G såg eg at håret mitt har byrja å bli ganske langt. Endelig.

For å vise bunaden min (som eg skal innrømme at eg er kjempestolt av) må eg legge ut eit bilete.

Frafjord-bunad. Dette er ikkje i dag, men før bryllaupet til tane og onkel i haust.
Før eg konfirmerte meg og besteme meg for bunad visste eg at eg ville ha svart Frafjord-bunad og Otterens oksiderte sølv (utan kjerner). I tillegg sa eg: «Æg ska i alle fall ikkje ha rød vest!» Grunnen? Alle andre i familien har raud vest. Mor har to søstre, og deira døtre som har konfirmert seg har raud vest, i tillegg til at mor og begge søstre OG mormor har raud vest.
Sjølvsagt, viss eg ikkje hadde likt nokon annan og raud var det finaste hadde eg valt den. Det var ikkje fordi eg ikkje liker raud vest at eg ikkje ville ha det, men fordi alle andre hadde det. Og eg synes eg har vore heldig. Eg er veldig stol over valet av vest faktisk.

OIOI, nå har eg «babla» (skrive) i veg her. Uansett, dette blir ein gild, men trist kveld som eg kjem til å hugse. Mange skal eg gå vidare med til hausten, men fire veldig gode veninner skal reise vekk, i tillegg til veldig mange andre som eg òg kjem til å sakne. Nokre har ikkje bestemt seg endå, og eg håpar for mi skuld at dei vel Tryggheim, men sjølvsagt, viss dei vil gå ein annan stad skal eg ikkje kidnappe dei og truge dei til å gå med meg. (sjølv om det er fristande)

Uansett, bør kanskje slutte. Ein halv time igjen til me skal gå!! #spent (twitterspråk, hehe)


ps. dette med havfruen og omtale av den, hehe, eg har vore sjuk i fire dagar og så på leir, så det har ikkje blitt nokon omtale, og det blei heller ingen eksamen. =( Jaja, overlever.

Advertisements

3 thoughts on “avslutningsfest (innlegg med bilete =D)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s