For å trekkje fram ei historie.
Seinast for ti eller femten minutt sidan skjedde det siste. Ganske morosamt. Eg byrja å lage oreokake rundt tre i dag. Og eg har ikkje kome lenger enn til det andre laget endå. Hehe. Til vanlig så lager me oreokake rett på fatet, så det gjorde eg i dag òg. Eg la alle dei knuste oreokjeksa på fatet som vanlig, etter å ha blanda dei i smør. Det var akkurat som om dei ikkje ville forme seg skikkelig som den botnen eg pleier å lage, så eg blei litt usikker og tenke eg skulle vente til mor kom heim. Så laga eg då ostekremen til oreokaka, noko som tek si tid, og tenke at mor kjem nok heim i løpet av den tida der, men nei. (kø på apoteket, langt i frå mor sin feil) Etter eg var ferdig med kremen då ringte eg og spurte om hjelp til den her botnen. Jo, då fekk eg vite at eg hadde gløymt den runde forma rundt. Sånn rundform. Følte det var noko eg ikkje hugsa på, men kva? Så var det rundforma eg hadde gløymt. Hehe
Viss du ikkje kan læ av dæg sjølv, går du glipp av møje lått!
(Viss du ikkje kan le av deg sjølv, går du glipp av mykje morosamt)
Dette er då eit ordtak eller sitat i frå ein på Jæren som eg ikkje hugsar namnet på. Kanskje det er ukjent? Hugsar ikkje, men det har i alle fall sett seg fast. =)
Viss oreokaka blir ferdig, er ho meint til å sjå slik ut. =)
