I have a dream

Tidligare på bloggen har eg lagt ut litt av det eg har skrive. Mykje av det har eg ikkje haldt fram på. Mykje av det er bare dårlig planlagde kladdar. Likevel lever framleis draumen om at eg ein dag blir forfattar. Sjølv om eg har fortalt litt, har eg langt i frå fortalt alt om draumen min. 
Heilt sidan eg var liten har eg elska å skrive forteljingar. Eg byrja med å skrive om jenter som hadde fødselsdagar der dei fekk kattar, hundar og kaninar, helst alt på ein gong. I tillegg blei eg alltid veldig inspirert av eventyr og skreiv mykje om høna som blei kidnappav reven, for så å komme tilbake. I tillegg var Susanne som kom i klørne på ei trollkjerring ei eg skreiv om. Det gjekk i frå dette til å skrive meir om mobbing, storebror og litelesøster og frisørar. 
Eg hugsar ei av historiene eg skreiv. Den handla om ei jente som ville bli frisør og friserte ein vilt framand mann og lærerinna si, etter å ha prøvd seg på sauene heime. Det gjekk ikkje så veldig bra, men etter nokre år blei ho frisør og alt blei betre. Ei novelle?
Kvar gong me har fått skriveoppgåver på skulen, heilt sidan eg var liten, har eg elska det. Eg har skrive og skrive og skrive, og ein gong skreiv eg over tjue handskrivne A5 sider på ei skuleoppgåve. Det var vel i femte eller sjette klasse trur eg. Det høyres ikkje mykje ut for meg nå, men då var det mykje, og i alle fall til å vere på skulen. Fullt med slurvefeil sjølvsagt og ei heilt horibel handskrift som eg fekk då eg skreiv. Då me seinare fekk beskjed at me skulle skrive forteljinga inn i det me kalla literaturboka måtte eg spørre om eg kunne skrive bare litt av forteljinga inn i boka, for viss ikkje hadde eg sete der i ei veke og skrive inn med fin løkkeskrift. 
Den største nedturen var då me skulle skrive ei historie om Paris, og så fekk me ikkje bruke meir enn fem A5-sider. Umogleg, hadde vore alt for lite på ungdomsskulen. Korleis får du ned eit tjuveri av Mona-Lisa på fem A5-sider. Til og med i dag kunne eg ikkje laga noko betre, for fem sider er alt for lite. Det blei ei heilt elendig forteljing i mine auge, akkurat som alle andres, men ei fantastisk forteljing i andres auger. Uff og huff, Nedtur. 
Då eg byrja i sjuande trur eg det var, byrja eg for alvor å planlegge bøker, lange bøker. Dei første kladdane var urealistiske og kjedelig forsøk på noko som skulle likne ei bok. Då eg gjekk på barneskulen var heile planen å bare skrive for barn og ungdom. Den planen behaldt eg heilt til i vinter. Nå er planen å ikkje skrive for ei spesiell aldersgruppe, men skrive ned det eg vil skrive om. 
Det høyres kanskje gørr kjedelig ut å skrive, når du kan lese det andre har skrive. Nei, absolutt ikkje. Eg har alltid hatt lyst til å vere ein av dei som får sjå «mursteinane» sine i butikkvindauget. Noko av det gøyaste med ei forteljing er at det ikkje er di historie. I alle fall ikkje for meg. Det betyr at ein kald vinterdag på Jæren, kan eg forsvinne til ein varm sommardag i Kristiansand ved å bare ta fram papira mine. Eg kan lage den historia eg vil i frå den tida eg vil og i frå den staden eg vil. Det betyr at sjølv om eg sit her ein kald vinterdag på Jæren, kan eg lage ei historie i frå 1990 i frå Kreta på sommaren. 
Noko anna er hovudpersonane. Å lage ein person er fantastisk morosamt og spennande. Ikkje bare skal du vite om utsjånaden og lage til den, men du kan òg bestemme kva personen føler, kva interesser personen har, og kva negative og positive sider personen har. Til tross for personane eg lager sine feil og manglar er eg veldig glad i dei. Det høyres kjempesprøtt ut, vere glad i ikkje-eksisterande personar. Saka er den at det er veldig lett å bli glad i ein person du bare diktar opp. Du skal kjenne ein person så godt før du byrjer å skrive, at du skal kunne kjenne igjen personen viss den går på gata eller viss du ser bilete. Eg går så langt at viss eg hadde kome inn på eit kontor eller i eit hus skulle eg gjenkjent det som huset eller kontoret til ein av mine personar. Eg veit kva mine hovudpersonar har på skrivebordet og nattbordet. Eg veit kva dei har på topp ti av mat, musikk, drikker og bøker. 
Det siste er fridommen. Du kan leike deg med verb, adjektiv og substantiv som du vil. På fritida treng eg ikkje å tenke på at det skal vere både subjekt og verbal i ein stening. Leddsetningar kan stå for seg sjølv! Det er gøy, fridommen til å skriva kva og korleis eg vil.

Bare for å reklamere litt, giveaway på bloggen her. Viss du melder deg på i rafflecopteren her, er du med i trekninga av vente på Robert Capa av Susanna Fortes eller sjelekisten av Ann Rosman. Hugs på at kvar gong du kommentere på eit anna innlegg enn på giveawayen kan du registrere det i rafflecopteren og få to lodd til. I tillegg får du lodd av å følge meg på twitter, dele det på twitter, kommentere på innlegget om giveawayen. Viss du i tillegg skriv om giveawayen på din blogg og legg igjen link får du 25 lodd. Meld dykk på!

Advertisements

3 thoughts on “I have a dream

  1. Jeg er også veldig glad i å skrive og har alltid elsket å finne på historier, helt siden jeg lærte å lese og skrive:) Selv om det finnes mange flotte mennesker med flotte fortellinger( bøker) er ikke det alltid nok, noen ganger må man finne på noe selv også for å finne det man leter etter:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s