annleis boktema hos Anette

Hei, i dag er det valfritt kva me vil skrive om i boktema hos Anette.   Eg har lurt litt på kva eg skulle velje, for det er litt vanskelig å tenke ut noko heilt av seg sjølve synes eg. Eigentlig alt for vanskelig. Derfor kom eg på at eg kanskje kunne begynne litt på «solskingsmåla» mine dette året. Eg veit ikkje om nokon hugsar at eg i fjor hadde noko som eg kalla for solskinsmål. Det er mål for kva bøker eg vil lese på sommaren. I fjor klarte eg vel gjennom dei fleste måla utanom eit, og det var Hannahs håp av Karen Kingsbury.
Eg tenke derfor å presentere ei bok i kvar sjanger som blir ein del av mine solskinsmål dette året:
klassikar
stolthet og fordom av Jane Austen
Eg har lova meg sjølv av eg skal komme gjennom minst ei bok av Charles Dickens, Jane Austen eller Agatha Christie, så då har eg valt meg Jane Austens stolthet og fordom til å lese i sommar. Fleire klassikarar skal det bli. Eg gler meg, for eg har høyrt mykje bra om engelske klassikarar. 
fantasy
flukten av Ally Condie
Eg las Matched: Cassias valg i fjor og blei kjempeklar for bok nummer to, og etter nesten eit år med venting er ho her. Endelig! Den skal bli lesen. Heilt klart noko eg må få med meg. 
ungdomsroman
brennende hjerter av Simone Elkeles
Denne har eg hatt lyst til å lese sidan eg først såg ho skulle bli gitt ut. Etter ei kjempebra førstebok og nesten like bra andrebok i serien er eg klar for bok nummer tre av Simone Elkeles. 
krim
åpne sår av Gillian Flynn
Av alle bøkene eg har vunne på giveawayar er det denne eg er mest spent på. Kjempeklar for å lese Gillian Flynns krimbok, så denne står klar i hylla. Einaste grunnen til at eg ikkje har tatt fatt på boka tidligare er at eg sparer som oftast det beste til slutt. 
engelsk
the last song av Nicholas Spark
Sidan eg såg filmen har eg hatt lyst til å lese denne boka om Veronica (Ronnie) som motvillig tilbringer ein heil sommar saman med faren og litlebroren. Denne skal visst vere veldig sterk, og det trur eg på etter filmen. 
historisk roman
jente på klippen av Lucinda Riley
Utgivinga er nok ein gong utsett, eller i alle fall er datoen skyven fram etter det som står på Cappelen Damms nettsider. Derfor gler eg meg til å endelig få lese denne boka som blir ein av sommarens historiske romanar. 
Advertisements

6 thoughts on “annleis boktema hos Anette

  1. Spennande solskinsmål :)Mange flotte bøker, du har tydeligvis ein god somar foran deg ;)Ynskjer deg ein glad torsdag!Pia xx

  2. Her var det mange fine bøker,og artig å kalle det for solskinnsmål! Såg også at jenta på klippen er utsatt, men det er bare å glede seg og for meg betyr det at jeg får tid til å lese den andre boken av forfatteren først.Ha en fin ettermiddag:-)

  3. Så fin liste over sommerlesningen:) stolthet og fordom har jeg ikke lest,gleder meg til å lese den selv en dag. Fornuft og følelse er ihvertfall en superfin bok også:) Kunne tenkt meg å lese mange av disse bøkene:) Ha en fin dag:)

  4. Fine bøker du har planer om å lese:) har "stolthet og fordom" i samme utgave som ovenfor i bokhylla mi:) Skal se å få lest den:) har sett filmen uttalige ganger:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s