bok: primtallenes ensomhet av Paolo Giordano

Mattia og Alice bærer begge på en mørk hemmelighet. 

Mattia er en superintelligent gutt med sabs for tall. Han har en psykisk utviklingshemmet tvillingsøster som forsvinner sporløst mens han har ansvar for henne. Alice har en ambisiøs far som ønsker hun skal bli alpintstjerne. Hun utsettes fpr en alvorlig skiulykke som gir henne livsvarige skader. 

Når Alice og Mattia møtes, gjennkjenner de straks seg selv i den andre. Men selv om deres skjebner virker sammenvevd og de blir lett knyttet til hverandre, når de ikke riktig frem. De står hverandre nær, men ikke til virkelig å berøre den andre. De er som primtall, kun delelig med en og seg selv, og passer liksom ikke sammen med noen andre. 

Primtallenes ensomhet er en sterk oppvektsroman om lojalitet, vennskap og kjærlighet mellom to unge mennesker. 

Dette er første gongen eg les ei bok med handling i frå nesten bare Italia, eller i det minste med itaienske folk, og det var heilt greit. Det var ikkje akkurat kor dei kom frå som var litt feil, men meir noko anna eg skriv om snart.

Alice blir tvungen ut av faren sin i alpinløypa, etter å ha blitt tvungen til å ete akkurat det ho ha for å ha eit godt nok næringsinntak. Det er på ein måte litt skremmande å bli kjent med denne vennelause, syltynne jenta, men òg veldig fascinerande. Det er i begynnelsen av boka me kan lese omm skiulykka. Det er ikkje veldig dramatisk skrive i boka, og det kunne kanskje kome litt tydeligare fram, samstundes som det var veldig fine skildringar akkurat der. På måten Alice tenkte på forstod me at noko måtte ha skjedd. Kva  hadde eg ikkje peiling på, noko som irriterte meg litt, for sjølv om det er greit å halde litt på spenninga, bør me kunne gjette oss til det.

Mattia verker som ein litt einsam gut med ei tvillingsøster som er psykisk utviklingshemma. Med akkurat kva får me aldri vite, men ho får anfall og klarer ikkje å snakke. Ho ser for seg ting som ikkje er der, og har ikkje same utvikla hjerne som mange andre på hennar alder. Her er det litt meir å henge det på, og er har ein kjennskap til psykisk utviklingshemma, er det kanskje lettare å gjette seg til. Likevel forstod eg såpass at eg har høyrt om det før, og det var interessant å lese om henne. Det triste er å lese om korleis ho forsvinner for Mattia. Og her er det på ein måte hans skuld òg, sjølv om han var mykje mindre enn andre gong i boka. Likevel vil eg ikkje legge heile skulda på han, men òg foreldra som ikkjer ser at det kan vere litt flaut for ein åtteåring å ha med seg ei tvillingsøster i selskap som kan finne på kva som helst. Ein tungtvegande grunn til at han ikkje hadde venner var søstera og hennar langt i frå normale tilstand. Det er litt trist at psykisk utviklingshemma er eit litt tabu tema som ikkje mange har kjennskap til og at det er personar mange ser ned på. Dette trur eg kan vere eit lite glimt i frå det verkelege livet. Mange synes at folk med Downs syndrom er okay, og ungar respekterer dei, men når ein person ikkje er som dei andre i det heile trur eg det er vanskeligare å akseptere og viss de les smakebiten i frå i går, ser de korleis dei reagerte på søstera til Mattia.

Etter dette går me fleire år fram i tid til Mattia og Alice er femten. Mattia har noko eg ville klassfisere som psykiske problem utan å røpe for mykje. Han har bare gode karakterar, men langt i frå bare gode venner. Alice er misunnelig på Viola, den mest populære jenta i klassen, som har tatovering, pene klede, har hatt sin seksuelle debut og fått i seg både nikotin og alkohol og narkotiske stoff etter det ho skryt om til vennene sine. Alice vil òg ha tatovering, sjølv om ho er veldig utanfor gjengen og det er fleire leie episodar, men Viola bestemmer seg plutselig for å vere «venn» med Alice likevel. Det er gjennom dette Alice treff Mattia. Mattia som bare har ein venn, som ikkje ein gong er ein nær venn, men nesten bare ein sidekamerat på skulen.

Etter dette møter me dei når dei går på universitetet. Alice er drit lei heile greia og alt faren har planlagd for henne. Mattia, som framleis elsker tal og kan rekne ut fleire sider med reknstykke, er skikkelig glad for at han går på universitetet og kan jobbe med tall og mattematikk.
Desse to er venner, sjølv om begge kanskje skulle ønske dei kunne vere noko meir, men måten å nærme seg på er komplisert og begge har ting dei ikkje vil den andre skal vite. Åra går, vegane deira skilles før dei igjen krysses, og så skilles.

Dette er ei bok med eit flott tema, men utan noko klimaks, ikkje noko stort i alle fall. Den hoppe ganske langt fram i tid om gongen, men likevel er det lett å henge med og den er ikkje kjedelig, men heller ikkje heilt super og ekstremt god. Eg vil seie at boka er mykje om å ha det psykisk vanskelig og ikkje ha venner og det vanskelige å nærme seg andre. Det er to ungdommar som på kvar sin måte føler seg heime ein stad, men likevel er forkomne og som gøymer seg. Eg trur ein av grunnane til at dei blir samanlikna med primtal, i boka er det Mattia som finn den samanlikninga, er at dei er så forskjellige at dei ikkje passar perfekt saman, sjølv om dei har problem. Likevel har begge for mange problem til at nokon andre kan forstå og orke å vere saman med dei lenge om gongen.

Boka var heilt grei og var om eit tema som er litt tabu, men fengande. Me hadde ein dag på skulen før jul om folk med psykiske sjukdommar og dei forskjellige måtane det får an å vere psykisk sjuk på. Eg hadde det veldig i bakhovudet då eg las boka, og eg forstod, sjølv om det ikkje stod direkte, at dette ikkje var folk som tenkte som andre og som hadde problem med seg sjølv. Eg anbefaler boka på grunn av temaet og dei to spesielle menneska me blir kjent med her. Sjølv om det ikkjer er noko veldig stodt klimaks, noko som eg òg frykta, sit du ikkje igjen med ein oppfatning av at boka var kjedelig. Boka er ikkje veldig ny, ho er utgitt i 2008, men like aktuell i dag. Anbefales.

Gitt ut på Bazar forlag og er på 285 sider.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s