strøtankar på ein laurdag

Ein litt ny post eg vil prøve meg på heilt sjølv. Eg tenker til vanlig ganske mykje på ting om bøker og personane i bøkene og handlingane. Kanskje fordi eg sjølv ein dag vil skrive bøker. Derfor tenkte eg at eg skulle strø litt av tankane på bloggen, og dermed blir det strøtankar. Så her er andre innlegg.
dei udødelige
Det finnes mange bøker om udødelige folk, mange vampyrbøker og nokre om folk som bare er udødelige. 
Kva er det som fengar oss så mykje med folk som ikkje kan dø, evig kjærleik og kvite bleike folk eller fortveksande folk? Eg spør meg sjølv heile tida om det, for sjølv er eg ikkje veldig glad i alle desse. Eg føretrekk dei dødelige, vanlige og dei som greier å gjere mistak. Ingen er perfekt, og for meg, heller ikkje dei udødelige. 
For å framstille to av dei, som eg synes blir framstilte som reine gudar i bøkene. 
Nokon som kjenner igjen denne fyren? Sikkert! Dette er Edward Cullen, den andre hovudpersonen i twilightserien, og ein skikkelig sjarmør kan me vel seie. 
Han har levd i over eit århundre, skal i følge hovudpersonen Bella vere heilt perfekt og er visst vegetarvampyr som bare drikk dyreblod. Altså det dei fleste vil kalle perfekt. 
Hjå meg går det ei grense. Visse folk (vampyrar) blir bare for perfekte for meg. Som han her. Etter å ha lese evighetens kyss var eg veldig forelska i Edward, tenk å ha ein sånn type. Nå er eg ikkje forelska i han i det heile. Eg hadde følt meg fryktelig mindreverdig med han her, fryktelig liten og fryktelig dårlig i forhold. Sjølvsagt gir han oss grunnan til å bli litt sint på han, men han er så overbærande, skal gi Bella lov til alt, for det er det beste for henne, og han reiser vekk til det beste for henne i under en ny måne. 
Sånne folk finnes ikkje. Vanlige forelska kjærastar hadde hatt fleire konfliktar og om dei elska kvarandra så mykje som desse, så hadde dei gjort alt for å vere egoistisk for å halde på den andre. Edward seier han føler seg egoistisk, men avskyr seg sjølv for det. 
Alle er egoistiske, og av og til kan det vere bra. Derfor, ein knapp på Jackob, den egoistiske, meir menneskelige og meir komplisete gutten som gjer alt for å behalde Bella. 
Dette er Damen i frå boktrailaren om udødelig-serien med Ever og Damen. Eg har ikkje orka å lese meir enn to bøker, for eg orka ikkje meir perfekte, udødelige, vakre folk som elskar kvarandre så djupt at dei gjer alt for å den andre. Ingenting feil, alle gjer det rett, og einaste hindringa er at den eine er udødelig. Men det bles dei i.
Damen er ein Edward type som, om det går an, er endå meir perfekt. Han tryller fram blomar til Ever stadig vekk og kysser henne og elsker henne. Denne personen blei eg aldri forelska i, og eg synes at Edward er smålig og menneskelig i forhold til han her.
Damen er udødelig og gir òg Ever denne (u)ønska skjebnen. Stakkar jenter som blir forelska i sånne perfekte gutar seier bare eg.

  1. Udødelige finnes ikkje
  2. tommel opp for dei mennekselige
Nei, heia team Jackob, som går for dei meir menneskelige konflitkane og kjenslene. 
Hadde bare Bella valt han!!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s