Bok: før jeg sovner av S. J. Watson

Forestill deg hvordan det vil være å miste hukommelsen hver kveld når du sover og våkne neste dag uten en et eneste minne verken om dagen i går eller fortiden! 

Du husker ikke hva du heter, hvem du er, eller menneskene rundt deg. Du kjenner ikke mannen du våkner opp med ved siden av hver morgen. Den fremmede sier han er mannen din. 

Snakker han sant? Og kan du stole på ham? Velkommen til Christines verden. 

Dette er første gongen eg les krim og psykologisk thriller for vaknse, og det gav heilt klart meirsmak. Historia om Christine som vaknar opp kvar morgon utan hukommelsen er spennande lesestoff. Det er akkurat som at ho gløymer ting kvar gong ho sovner, og vakner opp enste morgon utan å hugse  noko i frå fortida, men likevel fungerer hukommelsen fint gjennom heile dagen.

Bli med på ein spennande tur inn i verda til Christine.

Tenk deg å ikkje kjenne igjen mannen din. Tenk deg at du eindrar som andre ikkje seier er sanne. Tenk deg at du har hemmelige legebesøk. Tenk deg at du må skrive dagbok for å hugse alt. Tenk deg at du må lese gjennom heile dagboka kvar dag for å finne ut kven du er og kven andre er.

Alt dette gjer boka til spennande lesestoff og noko heilt unikt. For å sitere aftenposten som har skrive på framsida av boka:

«En roman som synligjør krimsjangerens arvesølv.»

Aftenposten.

Eg er heilt einig. Om det ikkje skjer mykje rundt Chrstine i midten av boka, så skjer det mykje med hennar tankar og kva ho finn ut. Av og til hugsar ho ting vagt. Andre gonger kan minner treffe henne hardt. Likevel er dette borte neste dag. Sjølv om me kanskje skulle trudd det, så er det ikkje mykje gjentaking i denne boka.

Presentasjonen i byrjinga er det mannen som tek seg av. Ho spør, han svarar og då får me delvis vite kven Kristine er. Dei dagane ho vaknar og les om i dagboka, får du likevel ikkje den same presentasjonen, sjølv om ho ikkje hugsar noko. Det skjer bare fort og alt går rett over på handlinga og nye ting ho finn ut.

Eg må seie det er dyktig å skrive ei bok som denne. Veldig dyktig! Det er spenning, det er handling og det er tankar. Ei dagbok skrive av ei dame med hukommelsestap. Ein annan ting er at Christine alltid trur ho er minst tjue år yngre når ho vaknar. Eg kan tenke meg det må vere skremmande å finne ut at ho er mykje eldre enn det ho trur.

Fekk du lyst til å lese boka? Prøv! Dette er ikkje bare for dei som liker krim.

Advertisements

2 thoughts on “Bok: før jeg sovner av S. J. Watson

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s