Boktema hos Anette

I dag er det torsdag igjen og fordi eg har vore i trekket har eg ikkje fått tid til å legge ut dette innlegget tidligare. Hadde ikkje kome på det hadde det ikkje vore for at eg såg bitte litt ned på lesarlista over bloggar eg følger. Ja, boktema hos Anette idag er om tre bøker eg ville hatt med til ei aud øy. Gå her for å sjå meir.

Eg høyrte på ein Harry Potter – DVD at Tom Felton (D. Malfang) spurte dei andre skodespelarane i Harry Potter om dette spørsmålet og det smartaste svaret må ha vore Oliver eller James Phelps sitt, og det var ei bok som heite hvordan bygge en flåte. Eg skal imidlertid ta noko anna. Svara mine speglar ikkje kva som er mine favorittbøker.

Den første boka MÅ vere bibelen. Som kristen er det ei viktig bok for meg og det står mykje fint (ikkje om korleis bygge ein flåte, men om å halde motet oppe og tru på at det vil gå bra med Guds hjelp), så det er eit soleklart førsteval.

Den andre boka eg ville ha tatt med meg på den øya må vere ein biografi av eit slag.

Eg trur den andre må vere krystallslottet av Jeannette Walls. Las ho nettopp ferdig og den var tøff å kome seg gjennom, men det var ei eksentrisk og nesten litt fin boka som eg trur det hadde vore kjekt å ha med seg.

Den tredje boka er ein sann klassikar og er Pippi Langstrømpe på kurrekurreduttøya. Oppbyggelig og om når Pippi og Tommy og Annika er på Kurrekurreduttøya. Akkurat sånn som viss eg hadde vore på ei aud øy. Då hadde eg nesten hatt selskap.

Ja her er mitt utval. Litt seint i dag, men sånn er det.

Me snakkes. Omtale av krystallslottet kjem seinare.

Advertisements

6 thoughts on “Boktema hos Anette

  1. Pippi hadde vært hyggelig lesestoff på en øde øy 🙂 Bibelen har jeg som mål å få lest en eller annen gang.

  2. En fin liste 🙂 Jeg tror nok også det ville vært bra å tatt med Bibelen.Krystallslottet og Pippi er også nydelige bøker.

  3. Krystallslottet skal jeg lese etterhvert, den står i hylla. Det høres også lurt å ta med Pippi, kanskje det er noen tips der? Fin liste, Mai Lene!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s