oppsumering februar

Bøker lese i Februar
Ni leste

den usynlige broen av Julie Orringer
en aften på Kreta og andre fortellinger av Victoria Hislop (novellesamling)
en svunnen tid av Kate Morton
sommerøya av Elin Hilderbrand
orkideens hemmelighet av Lucinda Riley
– krystallslottet av Jeannette Walls
hallo elsk meg da av Johanna Thydell
et sted i nærheten av Cecelia Ahern
blomstenes hemmelige språk av Vanessa Diffenbaugh

Kjønn
Denne gongen er det òg vanskelig å telje opp, for i bøker som sommerøya og orkideens hemmelighet og spesielt i en aften på Kreta (som eg ikkje tel med) er det fleire hovudpersonar, men utanom novellesamlinga så blir fordelinga slik:

3 menn/16 damer – heilt tildelig, og eg er ikkje så nøye på å likestille det heller.

Land etter forfattarar
Storbritania: Victoria Hislop
Irland: Cecelia Ahern, Lucinda Riley
Australia: Kate Morton
USA: Elin Hilderbrand, Vanessa Diffenbaugh, Julie Orringer
Sverige: Johanna Thydell

Land forfattarane tok meg med til
England, Ungarn, Ukraina, Frankrike, Hellas, Kypros, USA, Thailand, Sverige og Irland og Her.

Favorittperson
Denne gongen blir det Victoria i blomstenes hemmelige språk eller Julia eller Lydia i orkideens hemmelighet. 


Bøker eg ikkje fekk lese 
Ingen spesielle, sjølv om det har hopa seg opp eit stort lager nå av bøker som eg må få lese

Mål vidare
Lese ferdig før jeg sovner og få lese  den hvite dronningen av Philippa Gregory. I tillegg må eg få byrja på dei nye bøkene eg har kjøpt meg.

Status forteljng
Nå har Maria og Giovanni (året er 1735, og det er rundt Marias 10-årsdag) funne ein gut, og tre år etter det skal Maria møte sin forlovede Edward Middleton som kjem til godset deira på Sicilia i frå England. I tillegg har makta på Sicilia flytta seg i frå Austerike til Spania. For å sjå kva som har skjedd tidligare, så gå her. 

Ideen til denne lista fekk eg på bloggen my first, my last, my everyting, og så har eg lagt på nokre ekstrapunkt som eg ville ha med. 

Bok: blomstenes hemmelige språk av Vanessa Diffenbaugh

Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias  kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg – tør hun å satse alt for å finne lykken?

Vanessa Diffenbaughs roman er en rørende og medrivende historie om kjærlighet, tilgivelse og forsoning – og den fir et fascinerende innblikk i det viktorianske blomsterspråket. Boken ble allerede før utgivelse solgt til 27 land, gikk rett inn på bestselger listene og er blit lovprist av et unisont internasjonalt anmelderkorps. 20th Century Fox har kjøpt filmrettighetene til boken. 

Blomstenes hemmelige språk begynte eg på i går kveld og vart ferdig med nå nettopp, og sagt rett ut: Den er herlig, fin, ei perle, og eg bare elsker denne boka. Blomar får alltid fram litt romantikk, og særleg i denne. Eg synes det er dyktig å skrive denne romanen. Sjølv visste eg bare at raude roser var teikn på kjærleik og gule roser er noko som, viss du tenker på betydninga, ikkje bør gi vekk, for det tydar utroskap.

Dette er heilt klart ein av dei beste bøkene eg har lese dette året, og alt i frå omslag til skrivemåte til personane fengar meg. Veldig kjekt å kunne leve seg inn i denne boka, og det var ein interessant måte ho var oppbygd på. Me blei tatt med ni år tilbake i tid til då Victoria kom til Elizabeth i ein av fosterheimane og til det som skjedde der, samstundes som at me får høyre om alt som skjedde då ho blei atten og byrja å sove ute og møtte Renata.

Alt med denne romanen var fascinerande og spennande. Handlingsgangen og skrivemåte og særleg Victoria. Sidan det med fostarheimar er noko eg synes er spennande og sånn desse barna/tidligare forsterbarna føler det, var det kjekt å lese om korleis Victoria hadde blitt etter alle åra med bytte i frå fosterheim til fosterheim og kor uvant ho var med å bli rørt og elska av andre. Sjølv vil eg bli barnevernspedagog, og eg håpar på å ikkje bli som Meredith, som hadde ansvar for Victoria. Formaningar, formaningar og formaningar før ho leverte henne. Ho får ikkje til mykje på skulen, ho er ulydig, dette kjem ikkje til å vare lenge. Rett og slett eit svært følelseslaust menneske.

Renata var ein betre person og eg likte vermåten hennar og alt ho gjorde for Victoria. Ho var snill og roste henne og var kanskje starten på kontakten med dei andre personane i boka. I tillegg står det om en mystisk ung mann på bakside, og den historia er det bare å glede seg til. Mykje spenning i heile boka, om så ikkje pistolar og politijakt og biljakt, så ein annan spenning som eg kanskje vil definere som psykisk. Kva vel Victoria? Gjer ho det rette? Les boka så finn du det ut.

Smakebitar i frå boka:
Astrid Terese
Anette

Andre omtalar
Astrid Terese
Anette
Bokelskerinne
Beathe

Nytt design

Hadde eigentlig bestemt meg for at eg ikkje skulle bytte igjen, hehe, men så fann eg denne nettsida, og så bare ville eg bytte. Kan ikkje anna enn å gi ein stor takk til Gråbekka som viste meg linken til nettsida. TUSEN TAKK!

Bok: Et sted i nærheten av Cecelia Ahern

Før omtalen begynnerr har eg eit lite spørsmål til alle som er gode med bloggdesign osv. Eg har ein annan blogg, http://whatafeeling.blogspot.com/, der eg kunne tenkt meg eit anna design, og så har eg sett så mange nydelige og fine, så eg lurte på, er det nokon som veit korleis me får eit slikt design, enten nokon som lagar eller korleis det går an å lage sjølv. Spesielt på bloggane flykten fra virkeligheten og Gråbekka’s blogger og bokelskerinnen synes eg det er nydelig design. Så viss de har nokre tips, så bare sei i frå.

Så til omtalen

Lurer du noen gang på hvor det blir av alt som forsvinner?

Det gjør Sandy Shortt også. Helt siden en klasseveninne forsvant for mer enn tyve år siden, har Sandy vært besatt av å  finne ting som har forsvunnet. Så snart noe er funnet, går hun i gang med å lete etter neste sokk eller neste nøkkelsett. Etter hvert begynner hun også å lete etter savnede personer, og gir desperate familier et snev av håp. 

Så en dag forsvinner Sandy selv. Hun snubler over stedet og menneskene hun har lett etter hele livet, en verden som er fjern  fra den hun kjenner og menneskene hun er glad i. Endelig får hun svar på noen av de spørsmål som har hopet seg opp i henne. Men Sandy faller snart tilbake til gamle vaner — hun begynner å lete. Denne gangen etter veien hjem. 

Eg tenkte då eg las denne boka at me hadde utgjort eit morosamt tospann meg og Sandy. Ho er over 180 cm, eg er nesten 162, ho har mørkt hår og eg har lyst, og den viktigaste forskjellen, ho leitar iherdig etter alt, eg gidder ikkje. Eg veit ikkje om eg, som er eit sosialt vesen (sjølv om eg les bøker) hadde greidd å vere veninne med Sandy Shortt som stadig reiser vekk utan å seie i frå. Ho verkar som ein usosial og nesten folkesky person og ingen veit kor ho er til ei kvar tid, ingen kjenner henne heilt igjennom.
Kanskje at dette er grunnen, i motsetning til alle dei andre forsvinningsofra, at ingen merkar at ho er forsvunnen. Det skjer stadig vekk. Politiet bryr seg ikkje, og ikkje mange andre heller.

Å finne på ei historie som dette må er veldig kreativt, og eg klør meg ofte i hovudet over alle dei parlause sokkane som ligg på rommet mitt, og kor lånekortet mitt til biblioteket er. Det tok litt tid før folk ikkje spurte etter lånekort, men automatisk skreiv inn namnet mitt. Uansett, eg er ikkje den som leiter heller, men eg tvilar på at det havnar i Her som staden med dei forsvunne tinga heiter. Og sjølv etterforskar eg ikkje heile huset for å finne ein sokk, sånn som Sandy.

Denne boka er jo av topp klasse, og for å innrømme det, den aller første bok eg les som kjem i frå Irland. Og det var spennande. Nå kan eg litt fleire stadsnamn der og litt meir om landet. Dei siste sidene i denne boka fløy nesten av seg sjølv, og det var ei morosam og fin bok.

Eg måtte le då to av personane Sandy møtte heite Marcus og Derek, og særlig fordi Derek i boka klimpra på ein gitar. Veldig likt ein av mine karmeratar som heiter Derek og speler gitar. Og ein kamerat som heiter Marcus har eg òg, og ironisk nok, desse to er venner. Morosamt når sånt skjer når du les bøker.

Etter dette skal eg aldri igjen begynne på ei bok av Cecelia Ahern med skepsis. Eg var bitte litt skeptisk til denne, men det trengte eg ikkje. Fann nokre få bitte små skrivefeil nokre stader, men skjer jo alle. Det var ikkje mykje negativt å seie om dette verket.

Denne boka var fantastisk herlig og Cecelia Ahern skal  eg heilt klart lese meir av. Nå gler eg meg til å begynne på neste bok. Kanskje blir det ni bøker i januar. Kven veit?

ein smakebit på søndag

Ny smakebit i dag som det er søndag igjen. Som sagt tidligare så er det flukten fra virkeligheten som arrangerer dette. For å legge igjen ein link eller sjå meir kva det handlar om kan du gå her.

I dag er min smakebit i frå denne boka:

«Gloria vet ikke om Sandy – ikke at det er noe å vite – men jeg vil ikke at hun eller resten av familien  skal få vite om byrået.»

Judith så ikke glad ut.

«Vær så snill, Judith.» Han tok hånden hennes. «Jeg vil ikke trekke alle sammen gjennom alt dette enda en gang. Jeg vil bare prøve på egen hånd. Jeg er nødt til det.»

Boka er til nå veldig spennande og eg gler meg til å lese vidare om Sandy og det som hendte henne.

Eg er sikker på at denne boka er ei som gjer det mykje å tenke på. På ein måte er det jo litt fantasy, men så er det jo ikkje det heller. Det kjem til å bli vanskelig å plasere denne boka under ein sjanger innanfor skjønnliteraturen.

Uansett, ha ein fin søndag vidare.

strøtankar på ein laurdag

Ein litt ny post eg vil prøve meg på heilt sjølv. Eg tenker til vanlig ganske mykje på ting om bøker og personane i bøkene og handlingane. Kanskje fordi eg sjølv ein dag vil skrive bøker. Derfor tenkte eg at eg skulle strø litt av tankane på bloggen, og dermed blir det strøtankar. Så her er første innlegg.

Harry Potter

Kven kjenner ikkje igjen dette velkjente ansiktet. Til og med eg, FØR eg byrja i 3. klasse og ikkje brydde meg døyten om Harry Potter visste at han her, han var ein fyr som heite Harry Potter. Sjølvsagt visste eg jo ikkje kva det handla om, men eg visste at det var poplulært, og kvifor det var populært, sei det.

Eg har nokre små teoriar om kvifor verda elskar Harry Potter. Nokre små tankar.

For det første, viss me hadde tatt vekk all magi i frå dette her, alt som heite magi, hadde Harry Potter vore ein vanlig gut som hata lekser, misslikte nokre lærarar og likte nokre andre. Han hadde gått på ein av Englands populære skular og hadde hatt venner og uvenner. Sånn som nå. Einaste litt uvanlig viss me hadde tatt vekk magien hadde vore møta med Humlesnurr og det at han ikkje liker sommarferiar, men alle hovudpersonar har jo sine særtrekk.

Bare det, at midt inni det kaotiske livet han lever på Galtvort, at forfattaren då kan ta fram ein liten konflikt som lekser, der han og Ronny sit og skal føre draumedagbok for ein eksentrisk og drøymande professor, og i tillegg gjer dette med humor, gjer at me kan verkeleg kjenne oss igjen. På tross av mykje magi, på tross av at han har eit lynarr i panna og er «the chosen one» så går det an å kjenne seg igjen.

Rumpeldunk for eksempel er eit glimrande eksempel. I vår verd har me fotball, og kva har dei som underhaldning der? Rumpeldunk. Forfattaren erstattar ting. I andre fantasy-seriar er det for mykje fantasy, for lite av det meir kvardagslige som skule, lekser og vanlig underhaldning som me kan kjenne oss igjen i. I tillegg er det dette med fritid og lekser og at det er fleire organisasjonar på Galtvort som elevar kan vere med i.

Det å kjenne seg igjen i ein person som Harry Potter må heilt klart ha hatt ei stor rolle å spele i at dette blei populært og den tørre humoren om alle gompetinga. Ting som me synes er normalt er for trollmenn unormalt, og J. K. Rowling beskriv det på ein humoristisk måte. Som til dømes at Ronny synes det er morosamt at det går an å gå på to trefliser, det er det han kallar det når Hermine skal stå på ski i juleferien. Slike ting kan ha mykje med popularitet å gjere spør du meg.

Og derfor elskar eg òg Harry Potter – serien. Beste fantasy-serien som er laga spør du meg.

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls

Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!

2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell

Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F’sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.

Boktema hos Anette

I dag er det torsdag igjen og fordi eg har vore i trekket har eg ikkje fått tid til å legge ut dette innlegget tidligare. Hadde ikkje kome på det hadde det ikkje vore for at eg såg bitte litt ned på lesarlista over bloggar eg følger. Ja, boktema hos Anette idag er om tre bøker eg ville hatt med til ei aud øy. Gå her for å sjå meir.

Eg høyrte på ein Harry Potter – DVD at Tom Felton (D. Malfang) spurte dei andre skodespelarane i Harry Potter om dette spørsmålet og det smartaste svaret må ha vore Oliver eller James Phelps sitt, og det var ei bok som heite hvordan bygge en flåte. Eg skal imidlertid ta noko anna. Svara mine speglar ikkje kva som er mine favorittbøker.

Den første boka MÅ vere bibelen. Som kristen er det ei viktig bok for meg og det står mykje fint (ikkje om korleis bygge ein flåte, men om å halde motet oppe og tru på at det vil gå bra med Guds hjelp), så det er eit soleklart førsteval.

Den andre boka eg ville ha tatt med meg på den øya må vere ein biografi av eit slag.

Eg trur den andre må vere krystallslottet av Jeannette Walls. Las ho nettopp ferdig og den var tøff å kome seg gjennom, men det var ei eksentrisk og nesten litt fin boka som eg trur det hadde vore kjekt å ha med seg.

Den tredje boka er ein sann klassikar og er Pippi Langstrømpe på kurrekurreduttøya. Oppbyggelig og om når Pippi og Tommy og Annika er på Kurrekurreduttøya. Akkurat sånn som viss eg hadde vore på ei aud øy. Då hadde eg nesten hatt selskap.

Ja her er mitt utval. Litt seint i dag, men sånn er det.

Me snakkes. Omtale av krystallslottet kjem seinare.

MAAAAANGE BØKER!

Heisann, heime etter ein herlig vinterferie med bitte litt skigåing og ein del lesing. Var på måndag i Kristiansand og såg jernkvinnen på kino med mor, far, tante og onkel. Fin film, men litt for mykje om då Thatcher var gammal etter mi meining.

Og i tillegg kjøpte eg bøker. Og før mammutsalget. Eg har eigentlig allereie bestillt på mammutsalg, men det var så mange andre òg som eg hadde lyst på. Til slutt blei det til at eg kjøpte fire nye bøker til bokhyllene.

Syersken fra Madrid av Maria Duenas
Whole Lotta Love av Sturle Brustad
Primtallenes ensomhet av Paolo Giordano
formørkelsen av Stephenie Meyer

Den siste bare for å ha heile serien av Twilightbøkene. For syns skyld eigentlig. Og i tillegg skal eg få fem bøker til neste veke (mammutsal) og så venter det tre på biblioteket som eg må få henta snart. Og så har eg låndt fire eller fem på Tryggheim, så eg har fullt opp og planane om Charles Dickens og Jane Austen får eg inntill vidare legge på hylla. Men nå får eg slutte og byrje å lese. =)

Så fann eg nettopp ut at Lucinda Riley har skrive ti til bok: Jenta på klippen. Må sjå å få oppdatert ønskelista mi litt. Hehe.

Men me snakkes.