Boktema hos Anette – forfattarar eg vil skal skrive endå ei bok

Nokre forfattarar blir bare ein favoritt, og trangen til å lese meir av dei er veldig stor. Sidan eg ikkje veit om mine favorittforfattarar kjem til å skrive meir eller få fleire bøker oversett til norsk, har eg bare valt nokre som eg har lyst til å lese meir av.

Den første er heilt soleklar:

TATIANA DE ROSNAY – forafattaren av Saras nøkkel, Bumerang og huset du elsket.

Eg har ikkje fått lese hust du elsket endå, men sjølvsagt vil eg at fleire av denne fantastiske forfattarens bøker skal kome på norsk. Ho har fenga meg gjennom to bøker allereie, og eg er sikker på at ho vil greie det gjennom fleire.

Nokre andre som òg vil at ho skal skrive meir?


nr 2:
VICTORIA HISLOP – forfattaren bak øya, hjemkomsten og en aften på Kreta. 

Då eg las øya la eg bak meg alt eg skulle ha gjort og sat klistra. Nå les eg hjemkomsten og den er super. Du ønsker deg verkeleg bort til ein av dei små stadene denne forfattaren beskriv. En aften på Kreta har eg ikkje lese, men Victoria, kunne du tenke deg å ta oss med endå ein stad der me kan draume oss bort litt?

Den siste er eg sikker på at ikkje kjem til å skrive meir, fordu ho ikkje lever meir.
nr. 3
ASTRID LINDGREN – forfattaren av verdas søtaste historiar

Om ho bare kunne ha levd og tatt oss med til ein av dei stadene ho skriv om… Bakkebygrenda og Lønneberget og Villa Villekulla og siste, men ikkje minst Junibacken. Eg har alltid vore STOR Astrid Lindgren-fan, og til og med dei litt mindre kjente forteljingane som Koste-Kari og Allerkjæreste søster og Britt Mari letter sitt hjerte er forteljingar som eg framleis hugsar. Lotta har eg mora meg mykje med og Maricken minnar meg av og til litt om meg sjølv. Brødrene Løvehjerte var ei veldig fin, men spennande forteljing Ho kunne skrive for alle. Om ho bare kunne levd for evig…