ny begynnelse

Hei. Eg veit ikkje om de hugsar ei forteljing eg skreiv litt på i haust. Eg kom eigentlig veldig langt, men så likte eg det ikkje likevel. Sidan eg sjølv har funne ut at eg liker bøker som går rett på sak, vil eg skrive slik sjølv òg. Eg har laga ei ny byrjing som er i frå ca. midt i og som eg håpar vil vekke litt spenning om kva som har skjedd tidligare. Planen er å sjå tilbake og fortelje historia som gjer hovudpersonen, Sara, så nedfor her i byrjinga av forteljinga eller romanen.

Håpar de liker det. 
(Veldig fornøgd forresten. Alt i frå overrskifta til heile teksten under er eit godt steg mot å skrive bedre enn det eg har gjort.) Det er veldig langt og viss de ikkje vil lese pga. det (eller andre ting), seier ikkje eg noko på det.

velbekomme


«Ingen begynner å grave etter ein skatt utan å vite kor han er, eller om han er nokon stad.»
Kva var det eg tenkte på? Kva var det eg ville med det? Kva gjekk av meg? Spørsmåla kvernar rundt i hovudet på meg raskt og fort så eg nesten blir svimmel. Kvifor gjorde eg det? Eg er ein tjuv, seier eg til meg sjølv gjentatte gonger. Det svirrar rundt der oppe som ei flue som ikkje går vekk. Dessverre har eg ikkje noko fluesmekke til å ta knekken på det.
Det er rart at det er ein heilt vanlig dag. Det var ikkje dag Mussolini tok over Italia gjennom eit statskupp eller at Stalin og kommunistpartiet tok over Tsjekkoslovakia. Det var ikkje ein gong i dag at Adolf Hitler blei født, for den «fødselsdagen» hadde vore for sju dagar sidan. Det einaste som faktisk skjedde var at eg gjekk på min første smell sidan eg begynte å jobbe for Giuseppe Pesce. Kanskje ikkje eit smell heller, eit brak trur eg vil vere nærare bestemt ei passelig beskriving. Eit stort bra som når ein fleire tonn tung stein dette ned i frå eit høgt fjell eller som når ei bombe sprenger. Den bomba eg hadde latt tikke dag etter dag etter dag heilt sidan desember då eg oppdaga dei.
Det var ikkje bare å miste jobben som gjorde dette til ein dårlig pyton-dag. Å bli skulda for å vere tjuv, stele andre sine løyndommar og ha verdas dårligaste samvit akkurat nå var med på trone lista. Tenk viss han seier det til mor og far! Tanken er noko eg helst bare vil ha ut av det tjukke hovudet mitt.
Distansen mellom oppgåve eg skulle ha gjort og det eg gjorde blei lengre og lengre for kvar dag i frå desember. Det var som å strekke ein strikk så langt du kan heilt til han er syltynn i midten. Då dreg han deg tilbake med ei slik kraft at du kjenner det langt inni deg. Dei dårlige kjenslene dukkar opp som ei irriterande flue. Det dårlige samvitet angrip deg som ei stor løve klar til å angripe byttet sitt. Først kjenner du ingenting, ser ikkje det svære monsteret som er på veg, men rett etterpå går det gjennom marg og bein. Du kjenner det overalt, det var noko du skulle gjort annleis ein plass. Du skulle ha sett deg rundt, prøvd å kjenne på magekjensla om at det var noko gale, noko du skulle kome utanom. Likevel blir strikken lengre og lengre, heilt til du går på den svære smellen, eller banget om du vil.
Å kjenne den gode og tjukke puta mi under hovudet og det kvite hekleteppet eg fekk av farmor ein gong, gjer godt etter ein lang dag. Har klokka i det heile gått framover sidan det skjedde? Er det bare ein time sidan eg var der, fekk skuldinga rett fleisen og beskjed om å gå heim? Det verkar som fem timar eller eit døgn. Helst vil eg tru at eg har låge i senga i fleire dagar, men det stemmer ikkje. Endå har eg ikkje falt i søvn, og å la vere å sove i fem døgn er heilt umenneskelig.
Klokka er fire. Kvar gong sekundvisaren flyttar seg og seier tikk eller takk er det som eit høgt smell. Kvar gong han rører seg, er det som eit minutt i mellom kvar strek og lyd han gir i frå seg. Eg har så lyst til at det skal blir kveld så eg kan prøve å lukke auga ei lita stund og gløyme kva som skjedde. Bare for ei natt. For ei lita stund. Å sovne nå vil vere som å be om å få mareritt eller ligge vaken heile natta.
Det er ikkje bra skuldinga for å vere tjuv eg er redd for at vil halde meg vaken. Det er så mykje anna òg. Eg var så nære å finne ut noko om det. Eg var så nære, heilt fram til i dag. Korleis kunne eg vere så uforsiktig? Det å halde fram nå med å finne ut noko er heilt umogleg. Eg kjenner meg heilt motlaust heilt inn til hjartet. Heile kroppen sig i saman bare ved å tenke på å halde fram. Å prøve å finne ut noko nå, er som å prøve å snu døgnet til vanlig skulerytme midt i romjula, sjølv om nyttårsafta er der framme og vil sende deg tilbake med eit bang. Altså heilt nyttelaust. Ingen begynner å grave etter ein skatt utan å vite kor han er der, eller om han er nokon stad.
Med eit kjenner eg auga byrjar å klistre seg igjen. Kven har tatt lim under augelokka mine? Kven tapa dei fast til augeeple? Alt går i svart. Draumane kjem over meg. Eg er ikkje langt nok inni dei til å vite om det er mareritt eller bare vanlig fantasi.
Eg kan ikkje sovne. Eg skal sove i kveld.
Det er så vedunderlig å kjenne seg så lett, nesten vere borte i frå denne dagen. Kanskje sove til neste dag eller neste veke. Bare sove sove sove.
Eg må halde ut dagen litt til. Eg prøver å presse auga lokka opp, få vekk klisterlimen som med eit kom under dei.
Kva kjem eg til å draume om? Blir det mareritt eller draum? Kjem eg til å hugse det? Kjem eg til å gjenfortelje det til mor og far over frukostbordet i morgon?
Mor kjem heim. Eg høyrer det på det litle klikket i ytterdøra. Har han fortalt det til henne? Eg bør gå ned, sjå om ho veit kva som skjedde. Eg må få auga opp, kanskje gå ned å hjelpe til med ein agurksalat eller litt frosne bær til dessert.
Bare vent litt. Ein time. Kanskje to. Salaten kan vente. Desserten kan vente. Eg er så utsliten.
Med ein kraftanstrengelse reiser eg meg opp av senga og gnir meg i auga. Tilbake i frå spegelen på garderobeskapet ser eit nesten framand vesen tilbake på meg. Bare for å beskrive monsteret har det lyst flokete hår og matte auge som ser litt feilplassert ut i det bleike ansiktet. Både den lilla singletten og dongeribuksene er skrukkete. Eg bestemmer meg raskt for å ikkje gå ned, men la søvnen ta meg likevel. Eg legg hovudet tilbake på puta, pakkar dyna rundt meg og lukkar auga for å sove. Kleda kan bare vere på. Eg vil sove. Limen kjem tilbake under augelokka mine og eg glir inn i ein draumelaus søvn.
Klokka er seks. Eg har sove i tolv timar trur eg. Veit ikkje heilt nøyaktig kor mykje eg sov og kor mykje eg var vaken. Etter å ha sove i mange timar, kom mor opp i halv tolv tida blei og dratt i ansiktet. Eg vakna sånn halvvegs, første ein samtale med henne som eg ikkje hugsar noko av, før eg sovna igjen. Eg gjekk heile tida ut og inn av eit mareritt. Greidde ikkje å fatt i ting, alt var tåkete og mørkt og ekkelt. Kva var det eg såg? Eg veit ikkje. Det var som feberfantasiar. Umogleg å sjå, men veldig ubehagelig. Etter nokre timar vakna eg igjen. Det var ikkje noko lys i rommet, men auga mine vill ikkje igjen. Eg såg alt heilt klart, korleis gardinet blafra av den litle brisen utanfor, korleis skuggane fall fram og tilbake over taket mitt. Når eg låg der, hugsa eg alt som hadde skjedd dagen før. Plutselig var det i hovudet mitt igjen, festa som ei flis som du ikkje kan få tak på og få ut. Alt dreia seg rundt det. Sirkla rundt det, sperra det inni tankeboksen til eg ikkje klarte meir og fall i søvn igjen.
Stova nede var tom som vanlig klokka seks ein laurdags morgon. Ein vanlig dag hadde eg vore i senga heilt til vekkarklokke ringte og gav i frå seg eit skingrande rop om at eg måtte vere på jobb om ein halv time. Men ikkje i dag. I dag er det stille. Ikkje ein fugl å høyre, ikkje ei sjel tenker eg og kjenner det kryp kaldt oppover ryggen. Bare eg her. Står og ser ut med ein kopp varm kakao i handa. Dei grå skyene kjem faretrugande nærare for kvart minutt og trugar med å sende mange bøtter med vatn på oss. Grå skyer, sånn som i tankane mine, men i likhet med skyene utanfor er dei ikkje like store som i går. Eg skimtar sola som stikk litt fram langt, langt borte i horisonten. Ho vil kome, ein gong i dag. Tankane mine blir lysare av å sjå ut av vindauget nå. Eg tenker tilbake på alle dei fine timane eg rydda på biblioteket til signore Giuseppe Pasce. Ei oppleving eg kjem til å hugse når eg blir gammal og slit med å hugse, noko eg kjem til å fortelje vidare seinare. Til tross for at ryggen ofte verka og skuldrene var stive når eg kom heim i frå huset til naboen, sette eg alltid pris på jobben han gav meg. Eg vil ikkje bere nag til han. Eg vil hugse han som den han var før i går, den strenge, men snille mannen med ein morosam bart som hoppa opp og ned mens han snakka. Eg vil hugse han som den han var første gongen eg kom for å jobbe. 

Håpar de likte det. Glad for tilbakemeldingar (både positive og negative. Blei de spente?)
Advertisements

3 thoughts on “ny begynnelse

  1. Jeg lagrer herved sia i bokmerker, så skal jeg lese den en dag jeg har bedre tid :)) Rett på sak liker man, så de første linjene er godkjent 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s