![]() |
velbekomme |
Day: 08/01/2012
Bok: Øya av Victoria Hislop
«Min datter er svært interessert i sin historie. Det er forståelig, men jeg har funnet det nesten umulig å fortelle henne noe som helst. Dine øyne og ører var vitner til alt sammen, og jeg tror du kan gi henne en sannere betretning enn jeg noen gang vil klare. Mal et bilde av alt for henne, Fotini. Hun vil være deg evig takknemlig.»
Alle som har lese boka kjenner nok den gode og fengande måten forfattaren skriv på. De har fenga mange andre og nå fenga den meg! Fantastisk bok, fantastisk skriving og ikkje minst fantastisk handling som var lett å kome inn i.
Først trudde eg det kom til å bli ei lang bok å kome gjennom, sidan begynnelsen hinta frampå om at ein av personane kom til å fortelje heile den lange historia. Eg blei ikkje skuffa då det tok ein heilt annan vending, og måten historia blei fortalt på var mykje bedre enn det dei hinta frampå om i begynnelsen.
Heile dagen har vore klistra til boka, utanom den litle perioden eg irriterte meg over at Justina Kowalzcyk vann i Val di Fiemme, og det har vore interessant å vere med på den lange «reisa» boka bydde på.
Hovudpersonane i bøkene var spennande heilt i frå oldemora, Eleni og til hennar oldebarn, Alexsis. Dei som fenga meg mest var vel Anna og Maria, døtrene til Eleni som var så forkjellige at dei kunne kome frå to forskjellige galaksar. Den eine rolig og fatta, den andre vill og temperanmentsfull.
Det var ikkje så mykje negativt med boka. Ho var kanskje litt langdryg i periodar og eg hadde ei kjensle av at eg hadde høyrt alt før av det dei sa om Spingalónga (som eg overlet til dei som skal lese å finne ut kva er) og om det som skjedde. Festane blei beskrivne veldig likt mange gonger, og eg hadde ei kjensle at eg vissta kva kvar fest innebar, sidan beskrivinga hadde eg lese tiligare når festar var omtalt.
Kort oppsumering: Litt langdryg av og til, mange av dei same beskrivingane, men godt skriven eller, god handling, spennande personar å bli kjent med, ei fantastisk bok. Plussida heilt klart.

Meiningsmåling om Tatiana de Rosnay sine bøker
body {font: normal normal 13px Georgia, Utopia, «Palatino Linotype», Palatino, serif} html, body { border: 0px; margin: 0px; padding: 0px 0px 0px 1px; background-color:transparent; } body, .questionText, .answerText { color:#000; } .answerText, .resultText, .resultBar, .pollStats, .voteButton, a, .errormsg { font-size: 12px; } .questionText { font-weight:bold; } a:link, a:visited, a:hover, a:active { color: #4e2800; } fieldset { border:0 none; padding:0; margin:5px 0; } .pollStats { color:silver; display:block; margin:5px 0; } .resultBar { border:none; margin-top:1px; margin-bottom:1px; padding-top:1px; padding-bottom:1px; background-color:#4e2800; white-space:nowrap; } td.answerText { border:0px; padding-left:0px; padding-top:2px; white-space:nowrap; overflow:hidden; text-overflow:ellipsis; -o-text-overflow:ellipsis; } td.answerText>div { overflow:hidden; text-overflow:ellipsis; -o-text-overflow:ellipsis; } .resultText { color: #dcdcdc; border:solid 1px #4e2800 ; padding-top:2px; white-space:nowrap; } td input { height:13px !important; } div.errormsg { border:none; color: #990000; } div.questionText { display: none; }
Saras nøkkel
|
5 (100%)
|
Bumerang
|
0 (0%)
|
Huset du elsket
|
0 (0%)
|
Dager igjen å stemme: 1
Dette var då forrige meiningsmåling på blogen og spørsmålet var kva bok de likte best av Tatiana de Rosnay. Nå var det ikkje så mange som stemte, men spørsmålet var dårlig, sidan det er ikkje alle som har lese alle bøkene av Tatiana de Rosnay.. Svare var veldig likt hjå alle, Saras nøkkel er då av fem personar kåra til beste bok av forfattaren.
try { var host = «»; var baseUri = «http://» + host + «/robots.txt»; document.getElementById(«commframe»).src = baseUri + «#» + document.getElementById(«rootCont»).offsetHeight; } catch(o) { }
ein smakebit på søndag #2
Tid for ein smakebit på søndag igjen på flukten fra virkeligheten. Poenget med dette er å dele noko i frå boka du les akkurat nå, utan å røpe for mykje Trykk på biletet for å få vite meir om dette.
I dag er min smakebit henta i frå denne boka:
Mal et bilde av alt for henne, Fotini. Hun vil være deg evig takknemlig. Hvem vet, kanskje kommer hun tilbake til England og forteller meg ting jeg selv aldri visste.
frå Øya av Victoria Hislop, side 39
Boka har til nå vore ekstremt god. Eg har kome 130 sider lengre enn det denne smakebiten er henta i frå, men for å ikkje røpe for mykje så brukte eg denne. Boka handlar om Alexsis som reiser til Pláka på Kreta for å finne ut meir om mora si, og då blir me kaste ut i ei langt historie som går heilt tilbake til krigen og oldemora til Alexsis.
