Bok: Tilbake til Riverton av Kate Morton

Sommeren 1924 Under et glitrende sosietetsball, ved bredden av en liten innsjå på et engelsk gods, inntreffer en tragedie som endre mange menneskers liv. De eneste vitnene, søstrene Hannah og Emmelin Harthford, snakker aldri med hverandre igjen. 

Vinteren 1999 Nittiåtte år gamle Grace Bradley, tidligere hushjelp på godset, får besøk av en ung produsent som lager en film om hendelsen ved Riverton. Gamle spøkelser blir vekket til live, og minner baner seg vei opp til overflaten. En sjokkerende hemmelighet er i ferd med å slippe frem i lyset. 

Fantastisk spennande. Ein forfattar eg verkeleg sjå meir til seinare. I byrjinga kom eg til å tenke at det kom til å gå lang tid å kome gjennom ei bok som denne. Den verka veldig høytidelige og med eit rart språl, men som alltid kom eg inn i det.

Det beste med boka var alle tilbakeblikka (nesten sjølvsagt sidan det er der handlinga foregår) Me ser i tilbakeblikka til Grace at kvinner blir behandla på ein heilt annan måte. Etter samfunnsfagstimane i fjor kjenner eg igjen mykje av det som kjem fram og forfattaren har tydeligvis god kjennskap til historie. Ein av tinga er sjølvsagt Teddy sin missnøye mot sosialistar og alle dei konservative ideane dei hadde. Sjølv om Sovjet ikkje står skrive direkte i teksten, er det tydelig at komunistregime ikkje fallt i smak hjå dei det handla om her.

Hannah og Emmelin er to veldig forskjellige søstre på mange måtar. Hannah vil vere sjølvstendig og selskapa på godset kjeder henne meir og meir. Ho treng fare og spenning. Ho vil jobbe med noko. Det var sjølvsagt ikkje respektert at ei dame skulle jobbe på den tida, og særlig ikkje i det miljøet ho var i og den familien ho gifta seg inn i.
Emmelin liker betre selskap og trur på den same kjærleiken som Julie og Romeo hadde til kvarnadre. Ho er den som liker dei store selskapa og Riverton. Ein av dei som står henne nærast er den seks år eldre broren David, sjølv om han er nærare Hannah i aldar.
Hannah held med faren som har prøvd å starte opp eiga bedrift fleire gonger og som, i byrjinga av når me høyrer frå Graces dagar på Riverton, driv ein bilfabrikk. Emmelin held meir med broren sin, som ikkje synes så mykje om faren.

Då eg kom til slutten og det som skulle vere spennande, blei eg først litt skuffa, sjølv om det var godt skrive. Eg hadde forventa noko meir, men trudde at det var for få sider igjen til at det skulle skje noko meir. Etter eg lukka boka har eg konkludert med at eg tok feil. Kate Morton haldt spenninga gjennom heile boka og til siste sida, då me endelig fekk vite kva som skjedde.

Noko eg ikkje likte med boka var alle dei detaljert gjenngitte samtalane i frå møter mellom Sir Frederic (Hannah og Emmelins far) og nokre av dei han snakka med. Det var mange detaljerte samtalar med lite relevant info på ein måte, men òg mange gode gjenngitte, som var veldig relevante igjen.
Eg syntes òg at boka starta veldig tidlig. Det å starte i 1914 og peile seg inn på at skulle slutte i 1924 var eit lite feilgrep. Dei første åra skjedde det ikkje så veldig mykje utanom at ho traff søstrene. Kanskje det var fordi krige byrja. Ikkje veit eg, men å starte ti år før det skjedde, det det står fortalt om bakpå, blir litt vel mykje.

Grace i «nålevande» tid er nittini år, men eg trur ikkje hukommelsen kan ha blitt mykje svekka. Det er interessant å lese om filmen dei skal lage om det som skjedde, men i samtalane om filmen synes eg dei røpte litt for mykje av og til. Du veit før du kjem til slutten noko av det som skjedde. Litt kjedelig, og så synes eg at Marcus, barnebarnet på ein måte tok litt for stor plass. Av og til visste du ikkje kven Grace snakka til, men det var lett å kome inni etter kvart og boka var veldig god.

Kort oppsumert: Litt stort tidssprang, røpte av og til litt for mykje, litt for detaljerte, urelevante samtalar, men godt skriven, kjekke hovudpersonar å bli kjent med, Riverton verkar som ein drøymeplass, god til å halde på spenninga. Boka ligg heilt klart på plussida.

Advertisements

6 thoughts on “Bok: Tilbake til Riverton av Kate Morton

  1. Hugsar mamma leste Kate Morton og vart oppslukt i bøkene. Har bestemt meg for å lese ein av dei til sumaren når eg ikkje har så mykje fagstoff å lese!Og hurra for nynorskblogg! Må følgje med vidare.

  2. Jeg har ikke lest denne, men har lest "Den glemte hagen". Den er veldig fin:) Gleder meg til å lese denne etterhvert:)

  3. Bra omtale:)SV;Så bra! Si fra hva du synes om "Alkymisten". Skal nok prøve meg på boka en gang til. Likte "Veronika vil dø" av Paulo Coelho.Så det er ikke det at jeg ikke liker han som forfatter,men den boka falt ikke helt i smak hos meg

  4. Nokre forfattarar er av og til litt opp og ned, og av og til blir handlinga òg litt feil, så eg har forhåpningar om at boka skal vere bra. =)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s