lesemål 2012

2011 er snart over, og for min del har det gått fort i svingane, og eg har ikkje fått lese så mykje som eg har hatt lyst til. Eit mål for det nye året er å ikkje bry meg om antall bøker, men gode bøker!! Det betyr at eg heller skal leite etter gode bøker som eg kan suge til meg og verkeleg nyte, i staden for å lese fort og prøve å kome unna med bøkene eg har tenkt å lese. Eg har ikkje noko spesielt antall bøker eg vil lese, men dette året har det blitt 91 bøker, kanskje det blir 92. Eg kan kanskje ha eit mål om å lese hundre bøker i 2012.

Mine lesemål for 2012:

engelske klassikarar
Eg har som mål å få lese litt Charles Dickens som store forventninger og vår felles venn. Jane Austen har eg aldri vore borti før, men eg har tenkt å lese ei av hennar bøker i det minste. Kanskje òg ei bok av Agatha Christie. Får sjå korleis eg liker det.

psykologiske thrillarar
Dette er ein ny «sjangar» eg har byrja å lese nå i 2011. Både mus (Gordon Reece) og forførende onskap (Rebecca James) var kjempegode, og vidare kjem dette til å bli ein sjanger eg skal lese. Blir spennande å sjå kva bøker det blir. Eg har tenkt å lese før jeg sovner (S J Watson). Den skal vere veldig god.

Lese alle bøkene på ønskelista
Eg har ei ønskeliste på bloggen som eg har tenkt å få lese i 2012. Det er bøker eg har veldig lyst til å lese, og nokre har  eg venta på sidan SOMMARFERIEN!! Bestilte dei på biblioteket då, men har ikkje sett noko til dei. Får smøre meg med tålmod (sjølv om den eine står det kvar gong eg er innom, at det er 2-3 vekers ventetid på.) Ønskelista

Lese fleire romanar berekna på  vaksne
Endelig har eg byrja å lese bøker som er meir for vaksne òg. Og det har eg ikkje angra på. Saras nøkkel, bumerang, reisen hjem, Maya og midt i mellom var fantastiske bøker som eg ikkje greidde å legge i meg. I nattbordskuffa har eg liggande hotellet på hjørnet av bitter og søt.  Det er ei bok eg håpar på å få lese i tillegg til den usynlige broen, huset du elsket, de hvite emglene, et sted i nærheten og den hvite dronningen. 


Halde fram med å lese ungdomsromanar
Eg skal halde fram med å lese ungdomsromanar òg, men eg skal slutte å lese Karen Kingsbury. Eg veit ikkje heilot kva ungdomsromanar eg kjem til å lese utanom at blodrød vei står høgt på lista.


Skrive om boks med ein gong eg har lese ei
Det får bli eit bra mål, sidan det er ikkje alltid eg gjer det, og det er nokre bøker dette året eg ikkje har fått skrive om, men det er eit mål eg skal prøve å følge, utanom når eg er på ferie.

vere med på «urfordringar»
Eg skal blit flinkare til å vere med på ting som tematrio, smakebit på ein søndag, boktema hos Anette, It’s Monday! What are you reading? I tillegg skal eg prøve å kome i gang med å tipse om forfattarar igjen. Den første forfattaren i 2011 blir Tatiana de Rosnay, og det skal òg kome nokre meiningsmålingar. så stay tuned i 2012.

Mai Lene

Bok: reisen hjem av Lori Lansens

«Det finnes bøker som kryper inn i sjela di – under huden på deg. REISEN HJEM er en slik bok! Avslutningen er fantastisk – og meget overraskende. Jeg ble helt satt ut! Dette er Lori Lansens beste roman.» LIV GLADE – BOKINSPIRATOR NORLI.

5-årige Sharla blir forlatt av sin hvite mor og plasert hos naboen, den svarte ensomme kvinnen Addy Shadd. Addy er 70 år og har dårlig helse, men et varmt hjerte, og hun blir som en bestemor for Sharla.  I tilbakeblikk blir vi kjent med Addys dramastiske liv. Som gravid 15-åring blir hun beskyldt for å ha forårsaket brorens død, og jaget ut av den lille byen Rusholme. På sin lange reise bort fra hjemmet opplever Addy stor kjærlighet og avgrunnsdypt svik, inderlig lykke og grenseløs tragedie. Og hele tiden hvisker en stemme i henne at hun skal vende tilbake – reise hjem. Når Sharla kommer inn i Addys liv, kan denne reisen endelig begynne. 

 REISEN HJEM er en sterk og rørende romanom den forløsende kraften i kjærlighet og minner, og om to ulike mennesker som forvandler hverandres liv for alltid.

Romanen er en internasjonal bestselger som er utgitt i 12 land og nominert til flere literaturpriser. Whoopi Goldberg har kjøpt filmrettighetene. 

Ei fantastisk, nydelig, bra, spennande, overveldande, fengande, super, flott og rørande bok. 


Addy verkar som ei varm og snill dame. Ho er ein hovudperson me bare MÅ like sjølv om ho røyker og har hatt eit hardt liv. Likevel er ho veldig einsam når Sharla kjem for å bu hjå henne. Ho bare ikkje veit det sjølv. Sharla er den forlatte litle jenta som du synes veldig synd på, men som etter Addys beskriving verken er fin å sjå til eller har bra ordbruk. Men etter bare ei lita stund ser det ut til at dei blir veldig gode vener.

Ei flott leseoppleving som eg anbefaler alle der ute som er leseglade og likte saras nøkkel. Ei spesiell og veldig god bok som har aldri har lese maken til. Den er i same forteljar stil som saras nøkkel, men handlinga er eit heilt anna, og det er den eg liker best i tillegg til forteljarstilen. Lori Lansens er ein forfattar eg skal lese meir av.

Noko av det beste med handlinga var tilbakeblikka på Addy sitt tidligare liv. Det var ikkje bare lett, og det var mange triste episodar, men òg mange morosamme og fine stunder. Ei bok de bør lese alle saman.

Mai Lene