Boktema hos Anette – All I want for Christmas

Denne veka er boktemaet hjå Anette all I want for Christmas. Eg har allereie lagt ut ei liste over kva eg bøker eg ønsker meg til  jul. Den finn de her. Men eg liker alltid å finne nye bøker, og i går var eg innom bazar forlag sine nettsider og såg nokre nye bøker eg kunne tenke meg, i tillegg til ei eg såg på Libris sine nettsider. Tenkte eg skulle ta tre av dei i dag då.


den usynlige broen av Julie Orringer
Eg har byrja å interessere meg meir for «voksenbøker» nå i det siste etter at eg byrja å lese Tatiana de Rosnay sine bøker. Eg har reservert denne boka på biblioteket, men det er fem månadars ventetid på boka. Eg «fann» boka då eg svarte på ein julekalendar.
Den skal visst nok vere veldig god, men eg tårer ikkje å skrive kva den handlar om sidan eg ikkje har lese ho, men her kan de sjå kva Gyldendal seier om boka. 
før jeg sovner av S J Watson
Eg synes at psykologiske thrillarar er veldig spennande, og denne verkar spennande. Omslaget er spennande (og liknar på omslaget til verten) og Bazar sin omtale gjer meg veldig nysgjerrig på boka. 


et sted i nærhetne av Cecelia Ahren
Denne boka òg verkar interessant og hadde eg funne ho litt før, hadde eg garantert ønska meg den til jul, men men…
Reservert ho på biblioteket. 
Her er omtalet. Denne òg er utgitt på Bazar.