Boktema hos Anette – denne boka les eg akkurat nå

Tid for nytt boktema hjå Anette. Denne gongen er temaet denne boka les eg akkurat nå. 


Som de kanskje har sett tidligare dreiv eg på med Anne Franks dagbok, og det gjer eg framleis. Går litt
t r e i g t, men det er desember og i tillegg strikkar eg og skriv litt osv. Også er det juleforberedelsar sjølvsagt. Mykje vasking neste veke på meg, sidan eg får ferie i morgon. Men litt om Anne Franks dagbok.


Det er jo ikkje ei skjønnliterær bok, så det blir ikkje nokon omtale av den på same måten som dei andre. Anne Frank var jo ikkje forfattar, og dette var skrive for at ho skulle lese det sjølv, men det er enormt godt skrive, og eg synes det er interessant å lese om når dei ligg i dekning i Nederland. Sjølv om det er trist å vite korleis det til slutt gjekk, er det morosamt å lese om mange av episodane i «bakgården.» Dette er ei bok for alle som er kjekk å lese. Eg les ikkje boka det er bilete av under her, men ei litt eldre som eg ikkje fann bilete av.