Smakebit på ein søndag #15

UTFOR AV SUNNIVA RELLING BERG

Eg blei slengt inn i førarsetet. Gjennom frontruta kunne eg sjå ein gut med hendene på pansaret. Auga var vidopne. Omrisset av andletet var ujamnt av regndråpane. Håret var stort og svart. Vindaugsviskarane gjekk over glaset. Guten trekte hendene til seg og hoppa ut i vegkanten. Buskaset slukte han. 

Utfor er ei bok som eg endå ikkje har greidd å seie kva eg synest om, sjølv om eg har kome halvvegs i boka. Blir spennande å sjå kva eg synest når eg er ferdig.