Boktema hos Anette – min kvinnelige favorittkarakter

Torsdag og første desember og klart for nytt boktema. Annete som driv bloggen Anettes bokboble. Denne veka er temaet min kvinnelige favorittkarakter. Viss di vil vite meir kan du gå inn her. 
Når eg tenker på sånne ting, seier det plutselig heilt stopp, og eg kjem ikkje på så mange, men det er to eg vil trekke fram. Dei er begge i frå Harry Potter.

Den første er Lulla Lunekjær. Ei veldig spesiell, men søt jente. Ho er seg sjølv og har alltid nokre gode kommentarar. Eg har alltid beundra henne for å vere så ærlig og for å ikkje bry seg så mykje om kva andre meiner. Særlig dei brillene ho bruker til å lese bladet til faren med i Harry Potter og halvblodsprinsen i filmen er jo fantastiske og heilt spesielle. Og er det nokon som meistrar det å matche eit juletre er det Lulla. Kjolen ho har på seg i selskapet til Horatsion Snilehorn er verkeleg pynta. I bøkene er ho òg ganske lojal og direkte mot andre. Synes at ho er ei tøff jente som eg hadde håpt kunne vore med meir i bøkene.

Den andre er Hermine Grang, bestevennen til Harry. I byrjinga av første boka tenkte eg: «Ho der kjem eg ikkje til å like. Ho er jo så nerdete,» men nå synes eg bare ho er søt der, og det er ho eg synes har nokre av dei beste kommentarane i både bøkene og filmane.
Men ho er ikkje bare nerdete. Ho er modig og i den tredje boka slår ho til Malfang. Eg trur aldri eg har lese om nokon gong ho har vore så sint. Ho er òg veldig bestemt, noko som er både negativt og positivt, men eg synes at heltar og favorittkarakterar i bøkene ikkje skal vere helgenar med glorie rundt hovuet og heilt problemfrie. Dei skal vere så like oss som mogleg så me kan kjenne oss igjen. Eg kjenner meg litt igjen i Hermine og det at ho er så glad i bøker, litt besserwisser og det at når ho vil noko så vil ho. Eg beundrar viljen, styrken og motet hennar.

Ha ein fin torsdag vidare.

Advertisements

5 thoughts on “Boktema hos Anette – min kvinnelige favorittkarakter

  1. Så fin header du har fått deg:) Jeg glemte helt boktema hos Anette denne uka.Jeg hadde nok skrevet om noe av det samme som deg. Disse to karakterene er favoritter hos meg også:) Så hadde jeg nok også nevnt Rose fra Vampire Academy;) Forresten du er dagens blogger i adventskalenderen min på bloggen:)Ha en fortsatt fin lørdag:)

  2. Veldig morosamt å sjå på innlegget ditt og sjå at det var eg som var dagens bloggar. Eg såg det før kommentaren, så eg blei veldig overraska. Takk for fine ord om bloggen min. Ha ei fin adventshelg vidare! =)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s