kunst

Eg lovte å legge ut nokre av dei bileta Frida og Jakob såg i ærlighetsminuttet som eg likte. Har alltid vore veldig kunstinteressert.

Massacios Trinity. Synes dette bilde er kjempestilig. Skulle nesten tru at det ikkje var eit bilde, men eit alter. Eg er nesten klar for å gå rett inn i den bogen og bort til korset og Jesus, men eg må minne meg sjølv ganske ofte på at dette er ikkje eit alter, men eit måleri og det går ikkje ann å gå opp trappene og inn.

Kunsnaren bak dette bildet heiter Rafael. Dette er det mest kjente korsfestingsmotivet til Rafael om ikkje det einaste. (er ikkje så god på research alltid dessverre) I tillegg måla han mange andre fine bilde (synes eg) og han har mange sterke motiv i frå bibelen.

Madonna av Rafael (måtte bare ha med eit til, ein av mine absolutte favorittar av kunstnarane i frå renesansen)

Og så skulle eg eigentlig ha hatt eit nydelig, men dystert bilde av Tizian, men det er ikkje å finne. Har ikkje tittelen på det heller så…

Veldig dystert måleri av Velázquez. Jesus er heilt aleine på og bak korset er det heilt mørkt, men bildet har på ein måte noko litt fredfullt og nesten flott i seg. (haha, skulle trudd eg var 40 år eldre sånn som eg skriv nå)

Og så eit til bilde eg absoutt ikkje greier å finne, men som eg liker. Eit flott av Rubens. Eg trur (eller er nesten sikker) at bilde er i frå Barokken. Kanskje i frå rokokkoen. Alle bildene av Rubens er veldig voldsomme og eg synes av og til at det blir litt for mykje.

Ein av mine absolutte favorittar utanom Rafael og nokre andre; Casper David Friedrich. Malar mykje med lyset (og det er kanskje derfor eg likar han så godt. Liker Monet og Manet som òg brukte lyset) Dette bilete er ikkje som så mange andre korsfestingsmotiv, men det er på ein måte fredelig og viss du søkjer på bileta til Casper David Friedrich finn du andre liknande motiv. Men eg har ikkje tid til å ta alle dei nå.

Dagens titusenkronersspørsmål: Kven har måla dette måleriet?

For dei som liker kunst (og har sett på ein av Noregs mest kjende kunstnarar) var det vel ganske greit og sjå kven som har måla det. Edvard Munch hadde sin stil og eg liker det. Første gongen eg såg bilete tenkte eg at dette var ikkje fint. Syntes at det såg ut som eit samansurium av fargar og at heile korsfestinga blei for liten, men nå liker eg det. Det er på ein måte litt «blått,» men eg synes det er eit av Munchs finaste bilder nå.

Ser me på andre bilete av Dalí ser me at det her bilde er veldig normalt og nærare verkelegheita kanskje og ikkje like surrealistisk som alt det andre. Eg synes ikkje at så mange andre av Dalís bilder er så fine, men dette gir meg nesten eit svimlande kjensle heile måten det er måla på og korleis du ser motivet på.

Kanskje litt uvanlig bilde, men veldig fint synes eg. Me ser liksom bare konturane av korset og lyset igjen har ei viktig rolle i måleriet.

Ja, det var vel det. Mine favorittar i frå boka. Viss du ser under Lese meir finn du dei bileta eg synes var rarast om ikkje akkurat stygge.

Ja, faktisk, dette går for ei korsfestingsscene. Mannen i kvit genser og gul bukse skal vere Jesus merkelig nok. Veit ikkje kor godt eg liker dette bilde. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s