Harry Potter-veke – Harry Potter og mysteriekammeret bok/film

Hei. Eg lote å legge ut eit innlegg om Harry, Hermine, Lulla og Nilus i går, men det er rett og slett ikkje tid til det så det kjem ein presentasjon seinare ein gong om alle personane eg hadde tenkt å skrive om. Men over til dagens tema. 

Harry Potter og mysteriekammeret er den andre boka i serien om Harry Potter og Harry reiser nok ein gong tilbake til Galtvort, men denne gongen med ei åtvaring i bakhovudet i frå husnissen Noldus (Dobby). Men ingeting ser ut til å gå som planlagd. Ronny Wiltersen (Ron Weasly og Harry kjem til Galtvort i ein flygande bil og får skikkelig «juling» i frå Severus Slur (Severus Snape). Skuleåret byrjar elles som vanlig, men det er noko som trugar Galtvort og når Harry sit i arrest den eine kvelden høyrer han ei merkelig stemme i frå veggane som ingen andre kan høyre. Rett etterpå finn dei Argus Nasks sin katt fru Hansen (mrs. Norris) forsteina i ein av gangane saman med ei bodskap om at Mysteriekammeret er opna på nytt og at alle gompefødte skal vokte seg. 
Overfalla bare held fram og Harry må til slutt sjølv inn i kammeret. 
Filmen er er eigentlig veldig kjedelig og langtrukken synes eg. Han held seg – som den førre – litt for mykje til boka og du føler at dette har du opplevd mens du las òg. Det verkar som om dei ikkje utelet ein einaste ting i frå boka og då blir det litt kjedelig. 
Mai Lene
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s