Harry Potter-veke – Harry Potter og de vises stein Bok/DVD

Fakta: Harry Potter og de vises stein er den første boka i serien om Harry Potter – guten som overlevde. Den blei gitt ut i 1997 på engelsk og kom til Norge i 1999. Boka blei ein stor suksess og i 2001 kom filmen til boka.

I denne boka kjem Harry som elleveåring til Galtvort tynn og ein anelse sjenert kanskje. 🙂 I denne boka er Harry litt den snille rolige guten i byrjinga. Han er guten som flyktar i frå fetter Dudleif når han bruker han som boksepute. Men han er òg guten som overlevde. Noko han sjølv ikkjeer klar over før han er elleve. Etter kvart som tida går og han kjem til Galtvort blir han meir vågelig. Eg synes at Harry er litt søt i denne boka. Eg elsker forandringa som skjer med ein gong han møter Malfang og han gjer alt han kan for å få has på han. I tillegg så er kanskje Ronny med på å gjere noko. Og Hermine sjølv om ho har litt for mykje respekt for regler. Etter dei møter hunden med tre hovude så er ho kjempesint og vil helst ikkje snakke med verken Harry eller Ronny lenger. Det forandrar seg jo litt etter at dei redda henne i frå eit troll. Etter det er dei vener og går gjennom det meste saman. I denne boka kjemper Harry for andre gong mot Voldemort og han finn ut meir om korleis foreldra døydde, Han blir på ein måte litt meir vaksen i denne boka etter den kampen på slutten og det er som om det gjer litt med han.

Filmen er veldig bra. Når du har sett Harry, Hermine og Ronny store i dei andre filmane som har kome så er det så rart å gå tilbake til denne filmen når dei plutselig er så «små.» Hermine er veldig spesiell i byrjinga og eg liker veldig godt ein av replikkane hennar etter det ufrivillige møte med hunden med dei tre hovuda. «We could have died or worse: excpelled.» Dette viser bare kor opptatt ho er av å vere på denne skulen. Ho er fantastiks smar og ein besserwisser vil eg kalle det. Alle skodepelarane gjer det fantastisk bra og dette er ekte Galtvort-stemning med Humlesnurr og McSnurp og den fine musikken dei spelar når det er jul på Galtvort. Alt på slutten gjer at alt blir perfekt avrunding med spennande musikk, sjakk og ein mann med to ansikt.
Det einaste som er litt dumt med filmen er at den held seg til mykje til boka og det kjem ikkje noko uventa inn i han.

Mai Lene

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s