Babbel i Babel

Er nettopp ferdig med revyen Babbel i Babel på skulen. Det handla om kor ordet babbel kjem i frå og kva som skjer når alle vil vere best og flinkast og ikkje bryr seg om andre. Då gjekk me tilbake til en meir moderne versjon av Tårnet i Babel med tre jærbuar, tre svenskar, tre engelskmenn, tre tyskarar og tre latinamerikanarar. I kvar gruppe var det ein leiar, ein romantikkar og ein humorist. Det gjaldt å bygge tårnet høgast opp, men kva skjedde då det blei for høgt. Jo. leiaren for altinamerikanarane og leiaren for tyskaren raste heile tårnet med fullt i bruskassar. Eg var engelsk leiar og måtte skunde meg ut for å få av mikrofonen så eg kunne ikkje rase tårnet saman med dei andre fire på scenen. 😦 Her er nokre bilete. Kva synes de? Her står eg og skal ønske velkommen saman ed veninna mi! Gløymte nesten alltid kva eg skulle seie om forestillinga 😦 Har nettopp svart på jærbuane sin leiar sin idè om å bygge eit høgt tårn som når heilt oppt il himmenlen. Replikken min var: «Yes, yes, det er en kjempegood idè!» Står oppå «mursteinane» og dansar til byggmester Bob. Fint engelsk anntrekk. (buksa er mi som eg fekk til jul) Det var meininga at engelskmennene skulle vere «pene» tedrikkarar, snakke med «pen» aksent og gå «pent.» På nest siste forestilling så gløymte eg å ta med ut kopp til den romantiske engelskmannen og då tok han min tekopp og sa: «Dette har du ikkje godt av.» Eg byrja nesten å le og var akkurat då glad for at mikrofoneen min ikkje verka. FLAUT! På veg ned i frå scenen mitt i eit stort språkkaos! 😀 Alle sprang rundt i salen og snakka bare sitt språk. Dei ulike gruppene forstod ikkje kvarandre. Og etter på var det mi kjære veninne som gjekk ut på scenen som vismann og så var det slutt og me byrja og danse Glow alle saman! 😀 Dette blei litt rotete layout. Det første på skrå er for første bilete. Det nadre på skrå er for det trefje bilete. Det innimellom er for andre og fjerde. Kva synens de? :D:D:D Ps. Det er ei i klassen min som heiter Aleksandra som har tatt bileta! Du er super fotograf! 😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s